Inverted Jenny

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Inverted Jenny

Inverted Jenny, 'opp-nedd-Jenny' eller 'omvende Jenny', er eit amerikansk frimerke utgjeve første gong den 10. mai 1918. På dette frimerket er biletet av Curtiss JN-4 «Jenny» attgjeve i midten av frimerket trykt opp-ned. Dette er truleg den mest kjende feilen i amerikansk filateli. Berre eitt ark med 100 av det omvende frimerket er nokon gong funne, nooko som gjer dette feiltrykket til eit av dei mest verdifulle i filatelien si historie. I desember 2007 vart eit postfriskt eksemplar selt for 825 000 dollar.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Weber, Paul J. (27. desember 2007). «Rare 'Jenny' Stamp Sells for $825,000» (på engelsk). Huffington Post. Henta 15. januar 2012. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Amick, George: The Inverted Jenny: Mystery, Money, Mania . Scott Pub Inc Co. ISBN 89487-089-)


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]