Inzer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inzer
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 5 380 km²
Lengd 307 km
Middelvassføring 67,7 /s
Munning Sim
Kart
Inzer
54°17′25″N 58°19′07″E / 54.2902°N 58.3187°E / 54.2902; 58.3187
Wikimedia Commons: Inzer River

Inzer (russisk Инзер, basjkirsk Инйәр - Injer) er ei elv i Basjkortostan i Russland og ei av sideelvane til Sim.

Elva startar der elvane Bolsjojgo og Malogo Inzera renn saman. Elva er 307 km lang med eit nedslagsfelt på 5380 km². Middelvassføringa hennar er 67,7 m³/s.

I øvre og midte delar av nedslagsfelt finst det karstformasjonar. Her finn ein òg ein del gran- og furuskog, medan furu, bjørk, eik og lind finst langs nedre delar av elva. Elva vert nytta til tømmerfløyting.

Dei største sideelvane hennar er Tiulmen frå høgre og Siurjunziak, Basu og Askyn frå venstre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]