Iolanda Balaș

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Iolanda Balaș


Statsborgarskap Romania
Fødd 12. desember 1936
Timișoara
Død

11. mars 2016 (79 år)
București

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1964, Sommar-OL 1960, Sommar-OL 1956

Utmerkingar

Æresborger av Timișoara, Stjerneordenen

Iolanda Balaș under Sommar-OL 1964

Iolanda Balaș (12. desember 193611. mars 2016) var ein rumensk høgdehoppar, fødd Timişoara og død i Bucureşti. Frå 1958 til 1964 vann ho alle dei store meistertitlane i høgdehopp; EM 1958 og 1962 og OL 1960 og 1964. Ho sette 14 verdsrekordar i øvinga og vert rekna som ein av dei største høgdehopparane gjennom alle tider. Mellom 1957 og -67 vann Balaș 150 påfylgjande tevlingar i høgdehopp.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

17-årige Balaș, som var etnisk ungarsk, tok sølvmedaljen under EM i friidrett 1954 i Bern. To år seinare vart ho nummer fem i høgdetevlinga under sommar-OL 1956 i Melbourne. Ho gjekk då over 1,67 m, det same resultatet som sølvvinnarane stoppa på.

Balaș sette meisterskapsrekord med 1,77 m då ho i friidretts-EM i Stockholm tok sin fyrste av fire strake triumfar i EM og OL. Under dei olympiske leikane i Roma i 1960 var ho fullstendig overlegen i kampen om gullmedaljen. Tre kvinner stoppa på 1,71 m, to av desse fekk kvar sin sølvmedalje. Balaș gav seg ikkje før ho hadde svinga seg over 1,85 m.

I 1962 forsvarte Balaș EM-tittelen med god margin; 1,83 m mot 1,76 m for sølvvinnar Olga Gere frå Jugoslavia. Endå meir suveren var Balaș under sommarleikane i Tokyo i 1964, med 1,90 m slo ho sølvmedaljøren Michele Brown frå Australia med ti centimeter.

Iolanda Balaș på rumenske frimerke frå 2004

Balaș forbetra verdsrekorden i høgdehopp 14 gongar; hennar fyrste rekordhopp mælte 1,74 m og hennar siste 1,91 meter. Fyrst 4. september 1971 makta Ilona Gusenbauer frå Austerrike å slette Balaș ti år gamle rekordnotering frå rekordlista.

Balaș nytta den lite «økonomiske» saksestilen, som ho rettnok hadde utvikla til fullnads.

Leiar[endre | endre wikiteksten]

Iolanda Balaș var leiar av det nasjonale friidrettsforbundet i Romania frå 1988 til 2005.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]