Iqbal Bano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Iqbal Bano
Fødd27. august 1928
FødestadDelhi
Død21. april 2009 (80 år)
DødsstadLahore
Fødenamnاقبال بانو
OpphavIndia, Pakistan
Aktiv1950–2007
Instrumentvokal
Verka somsongar
PrisarPride of Performance

Iqbal Bano (27. august 193521. april 2009) var ein pakistansk songar. Ho var kjend for framføringar av klassisk hindustanimusikk, ghazalar, persisk og urdudikting, og filmmusikk.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Iqbal Bano blei fødd i Delhi i dåverande Britisk India.[2][3] Mykje av barndommen sin hadde ho i Rohtak, ikkje langt unna Delhi.[1]

Ho var ein elev av Ustad Chand Khan ved Delhi gharana. Han var ein ekspert på klassisk indisk musikk og meir populære songformer som ghazal, thumri og dadra.[4] Ustad Chaand Khan henviste henne til All India Radio i Delhi, og ho song på radioen.

I Pakistan[endre | endre wikiteksten]

Som syttenåring, i 1952, blei ho gift inn i ein landeigarfamilie i Pakistan, og flytta til Multan. Ektemannen lova at han aldri ville hindra henne frå å opptre, men i staden oppmuntra og støtta henne. Ho blei ei stjerne på 1950-talet, og song fleire songar til urdufilmar som blei klassikarar.[2] Ho framførte songar for kjende pakistanske filmar som Gumnaam (1954), Qatil (1955), Inteqaam (1955), Sarfarosh (1956), Ishq-e-Laila (1957) og Nagin (1959).[4] Ho debuterte med ein offentleg konsert ved Lahore Arts Council i 1957. Ho hadde også klassiske framføringar på Radio Pakistan.

Ektemannen hennar døydde på 1970-talet, og ho flytta frå Multan til Lahore. Ho var populær i Iran og Afghanistan for framføringa si av persisk lyrikk, og blei ofte invitert til den afghanske kulturtilstellinga Jashn-e-Kabul.[2] Kongen av Afghanistan sette stor pris på framføringane hennar, og gav henne ein gong ein gyllen vase som takk.[4] I 1974 blei ho tildelt Pride of Performance av dei pakistanske styresmaktene for sine bidrag til klassisk musikk.

Bano var særleg kjend for si tolking av lyrikken til Faiz Ahmed Faiz. Under styret til militærdiktatoren Zia ul-Haq på 1980-talet blei ho kjend for å framføra songar av han, sjølv om dei var forbodne av styresmaktene på grunn av det nære sambandet hans til den styrta Zulfiqar Ali Bhutto, og Faiz sjølv sat i fengsel. I 1985 framførte Bano det kjende diktet hans «Hum Dekhenge» ('Me skal sjå [dagen som var lova]') for eit entusiastisk publikum på fleire tusen i Lahore.[5] Som svar blei ho utestengd frå fjernsyn og alle konsertar med offentleg støtte, men ho mista ikkje populariteten.[1]

Iqbal Bano døydde i Lahore i Pakistan den 21. april 2009, etter kort tids sjukdom. Ho var 74 år.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Iqbal Bano». The Guardian. 11. mai 2009. Henta 12. august 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Pakistani singer Iqbal Bano dies by M. Ilyas Khan. BBC News website, 22. april 2009. Henta 2. februar 2016
  3. Iqbal Bano: Singer who transformed the genre of the ghazal The Independent newspaper [UK], published 4 May 2009, Retrieved 7 Feb 2016
  4. 4,0 4,1 4,2 «Iqbal Bano - ghazal personified», Dawn, 22. april 2009, henta 24. september 2017 
  5. «Husn-e-Ghazal». The Hindu. 12. mars 2005. Henta 12 August 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]