Iráklio i Aten
Utsjånad
- For byen på Kreta, sjå Iráklio.
| Iráklio Lokalt namn Ηράκλειο | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Aten |
| Koordinatar | 38°03′N 23°45′E / 38.050°N 23.750°E |
| Areal | 4,65 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining | Attikí Nord-Aten |
| Hovudsete | Iráklio (50 494 innb.) |
| Demografi | |
| Folketal | 50 494 (2021[1]) |
| Folketettleik | 10 859 /km² |
Iráklio (gresk Ηράκλειο), eldre former Heraklion og Irakleio, er ein kommune i dei nordlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer administrativt til periferieininga Nord-Aten i periferien Attikí.[2]
Iráklio er delt inn i tre delar, Paleó (gamle), Néo (nye) og Áno (øvre) Iráklio. I perioden under Det osmanske riket til den greske sjølvstendekrigen vart byen kalla Arakli.
Området bestod tidlegare av jordbruksområde, men i 1920-åra vart det derimot urbanisert og industribygningar erstatta gardane. I dag er stort sett heile området bustadar. Ein kan sjå Párnitha herifrå og Pendéli i nordaust.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
- Denne artikkelen bygger på «Irakleio» frå Wikipedia på engelsk, den 13. april 2023.