Iráklia
(Omdirigert frå Irakleia)
Iráklia Lokalt namn Ηράκλεια | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Kykladane |
Koordinatar | 36°50′N 25°27′E / 36.833°N 25.450°E
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining Kommune |
Dei sørlege egeiske øyane Náxos Náxos og dei små Kykladane |
Hovudsete | Iráklia (36 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 141 (2011[1])
|
Iráklia (gresk Ηράκλεια), er ei lita øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet.
Iráklia var tidlegare eigen kommune, men inngår frå 2011 som ei kommunaleining i kommunen Náxos og dei små Kykladane, som er ein del av periferieininga Náxos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunaleininga Iráklia 141 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 36 innbyggjarar.[1]
Øya ligg mellom Náxos og Íos ved naboøyane Skhinoúsa, Koufonísia, Donoúsa og Amorgós. Hamna heiter Ájos Jeórjos, medan hovudlandsbyen vert kalla Panajía. Dei største grottene i Kykladane ligg på Iráklia. Ein kan nå Iráklia med båtar frå Pireus, Náxos og Páros.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2011, revidert
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
- Denne artikkelen bygger på «Irakleia, Cyclades» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2007.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]