Irbid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 32°33′0″N 35°51′0″E
Irbid
مدينة اربد, Arabella
by
none
Kallenamn: Brura i nord
Land Flag of Jordan.svg Jordan
Guvernement Irbid guvernement
Høgd 620 moh
Koordinatar 32°33′0″N 35°51′0″E
Areal 30 km²
 - storbyområde 410 km²
Folketal 1 088 100 (2010) [1]
Folketettleik 36 270 / km²
Grunnlagd 5000 fvt.
Retningsnummer +(962)2
Jordan location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Irbid
Nettstad: http://www.irbid.gov.jo/

Irbid (arabisk إربد), i oldtida kalla Arabella eller Arbela, er den største byen og det administrative senteret i Irbid guvernement. Han dannar òg det nest største storbyområdet i Jordan etter Amman, med eit folketal på kring 1 088 100. Byen ligg kring 70 km nord for Amman på den nordlege ryggen av Gilead, mellom Pella, Beit Ras (Capitolias) og Um Qais.

Byen Irbid er den tredje største i Jordan etter folketal (etter Amman og Zarqa), medan storbyområdet til Irbid er det nest største.

Byen er eit stort trafikknutepunkt mellom Amman, Syria i nord og Mafraq i aust.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Keramikk frå bronsealderen i Irbid arkeologiske museum.

Ein har funne lekamar og graver som syner at Irbid har vore busett sidan bronsealderen. Ved Tell Irbid er det funne kearmikk og bitar av murar som er estimert til å vere frå 3200 fvt.[2] I hellenistisk tid var Irbid, som då vart kalla Arabella, eit stort handelssenter. Før islam kom til området, var Arabella kjend for å produsere nok av den beste vinen i den gamle verda. Området har særs frodig jord og moderat klima, som gjer at ein kan dyrke vindruer av høg kvalitet.

Etter den muslimske erobringa vart byen kjend som Irbid, og vinproduksjonen gjekk over til olivenoljeproduksjon. Kveite er òg eit viktig produkt i området.

Irbid ligg nær åstaden for det avgjerande slaget ved Yarmouk, som vart utkjempa langs breidda av Yarmouk kring 30 kilometer nord for byen. Slaget vart utkkjempa mellom det islamske kalifatet leia av Umar og Austromarriket. Det var starten på slutten for den bysantinske tida i regionen Syria og byrjinga på ekspansjonen til det islamske kalifatet.

I dag[endre | endre wikiteksten]

Irbid er i dag ein travel provinsby i Midtaustenmed eit yrande natteliv som er typisk for ein universitetsby. Byen har fire store universitet: Yarmouk universitet, Jordan vitskaplege og teknologiske universitet, Irbid nasjonale universitet og Jarada universitet. I tillegg har det to universitetsområde for Balqa tekniske universitet og fleire private høgskular.

Sjølv om staden ikkje er ein stor turistdestinasjon i seg sjølv, har Irbit to kjende museum: Museet for jordansk arv og Jordan naturhistorisk emuseum, begge på området til Yarmouk universitet. I tillegg ligg Irbid fint plassert som utgangspunkt for turar i det nordlege Jordan, med kort avstand til Jordandalen, Umm Qais, Beit Ras (Capitolias), Pella, Ajloun, Umm el-Jimal, og andre historiske stader, eller for reiser inn i Syria.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Irbid ligg nord i Jordan, på ei frodig slette. I 2010 hadde Irbid eit areal på 30 km2 der meste var klassifisert som bustadområde.

Grensebyar[endre | endre wikiteksten]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Irbid har eit middelhavsklima (Köppen-v Csa), som er vanleg i Levanten. Somrane kan bli særs varme, med milde og varme netter, medan vintrane kan vere kjølige og våte.

Klimadata for Irbid
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 12.9 14.1 16.9 22.1 26.9 29.9 31.1 31.3 29.8 26.6 20.6 15 23 10
Normal min. temp. °C 4.9 5.4 7.3 10.6 14.1 17.4 19.2 19.6 18.2 15.1 10 6.4 4,9
Nedbør (mm) 111.6 92.3 87.5 25.7 6.7 0.6 0 0 0.7 13.2 50.4 82.9 472
Normal mengd nedbørdagar 11.3 10.6 9.4 4.6 2 0.2 0 0 0.2 3.2 6.0 9.6 57,1
Kjelde: World Meteorological Organization[3]

Distrikt i Stor-Irbid kommune[endre | endre wikiteksten]

Irbid er delt inn i 23 bydelar som utgjer mindre byar innafor storbyområdet til Irbid:

Distrikt Distrikt Distrikt
1 Al-Taybeh 9 Soom 17 Murow
2 Al Husn 10 Hakama 18 Mughayer
3 Al-Rabia 11 Hashemiyah 19 Naser
4 Al-Sareeh 12 Hawar 20 Rowdah
5 Barha 13 Huwwarah 21 Sal Area
6 Beit Ras 14 Kitim 22 Nu'aimah
7 Bushra i Jordan 15 Kufr Jayez 23 Nuzha
8 Edun 16 Manarah ( hatim )
Safeway kjøpesenter i Irbid
Prins Hassan ungdomsby.
Al-Arabi sportsklubb i Irbid

Byar og landsbyar Det ligg mange landsbyar kring byen Irbid, inkludert:

  • Malka (ملكا)
  • Al-Taybeh (الطيبة)
  • Natfeh (ناطفه)
  • Habaka (حبكا)
  • Kufr-Rahta (كفررحتا)
  • Al-Mazar Al-Shamali (المزار الشمالي)
  • Hareema (حريما)
  • Al'aal (علعال)
  • Kufr Asad (كفرأسد)
  • Kufr Aan (كفرعان)
  • Jumha (جمحة)
  • Kufryuba (كفر يوبا)
  • Zahar (زحر)
  • Qum (قمّ)
  • Sammou' (سمّوع)
  • Izmal (زمال)
  • Kufrelma (كفر الماء)
  • Sawm (سوم)
  • Saydoor (صيدور)
  • Kufr Soom
  • Sama al-Rousan (سما الروسان)
  • Ibser Abu Ali
  • Assarieh (الصريح)
  • Aidoon
  • Al Husn
  • Baleela
  • Beit Ras (بيت راس)
  • Dowgarah
  • En-Nu`aymeh
  • Habaka
  • Houfa Al-Westiyyah
  • Qumaim
  • Bushra i Jordan
  • Huwwarah
  • Imrawah
  • Al Ramtha
  • Sal
  • Samad (صمد)
  • Al Shajara
  • Al Turrah
  • Hatim (حاتم)
  • Fou'ara
  • Zoubia
  • Jdaita
  • Rehaba
  • Kufor Alma (كفرالماء )
  • Kharja
  • Dair Yousef
  • Dair Abos'eed
  • Kufor Kefia
  • Summer
  • E'nbeh
  • Bayt Yafa (بيت يافا)
  • Dair Esse'neh (دير السعنة)
  • Mandah
  • Marw (مرو)
  • Zabda
  • Bait Idis (بيت ايدس)
  • Makhraba (مخربا)

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

I 2007 var det 70 000 registrerte studentar i Irbid sine 10 universitet, høgskular og institutt.[4] Dei største universiteta i Irbid er:

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Den Irbid-baserte klubben Al-Hussein i Irbid hamna på fjerde plass i den jordanske eliteserien i 2008.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Irbid» frå Wikipedia på engelsk, den 5. oktober 2015.
  • El-Khouri, Lamia, «Roman and Byzantine Settlements in the Region of West Irbid», Palestine Exploration Quarterly, 139,3 (2007), 166-185.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]