Irbid guvernement
Irbid | |||
إربد | |||
guvernement | |||
Irbid guvernement
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nahiaer | 9 | ||
Byar | Ar Ramtha | ||
Hovudstad | Irbid | ||
Tidssone | GMT +2 | ||
Retningsnummer | +(962)2 | ||
Urban | 82.9% | ||
Landsbygd | 17.1% | ||
![]() Irbid guvernement 32°32′44″N 35°51′26″E / 32.545561111111°N 35.857219444444°E | |||
Wikimedia Commons: Irbid Governorate |
Irbid eller Irbed (arabisk محافظة إربد) er eit guvernement i Jordan. Det ligg nord for Amman, hovudstaden i Jordan. Det administrative senteret i Irbid er byen Irbid. Guvernementet er det nest største i folketal i Jordan etter Amman guvernement, og det tettast folkesette i landet.
Historie
[endre | endre wikiteksten]


Irbid har vore kontrollert av greske, romerske og islamske sivilisasjonar som har etterlate seg historiske og arkeologiske stader. Romerske og greske byar som Arabella (Irbid), Capitolias (Beit–Ras), Dion (Al Hisn), Gadara (Umm Qais), Pella (Tabeqt Fahel) og Abello (Qwailbeh) vart grunnlagde her. Dei var medlemmar av Dekapolis: eit forbund som bestod av ti romerske byar i området. Ghassanidane hadde oppretta landet sitt nord i Jordan, og dekte Irbid, Golan og Horan. Det vart skidlra som eit av dei vakraste, syriske landa. Kristendomen spreidde seg her på 100- og 200-talet evt.
Edom- og Ammon-sivilsasjonen heldt til i dette området. Området vart erobra av islamske arabarar i 634 evt.
Under mamelukkane spelte Irbid ei viktig rolle som stoppestad for pilegrimar frå Tyrkia, nord i Irak og sør i Russland. Det vart eit viktig transportknutepunkt og ein inngang til Egypt, Hijaz og Palestina, særleg i tida då Irbid var knytt til Damaskus.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Irbid guvernement ligg i heilt nordvest i Jordan i Yarmoukvassdraget og Jordandalen. Det meste av guvernementet er ein del av Hawran-sletta, som dekkjer nordlege Jordan, og sørvestlege Syria. Guvernementet grensar til Syria (Golanhøgdene) i nord, Jordanelva i west, Mafraq guvernement i aust og Jerash, Ajloun og Balqa guvernement i sør.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Folketeljinga i 2004 synte at Irbid guvernement hadde eit folketal på 928 292. Estimata for 2009 var like over éin million innbyggjarar.
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Irbid guvernement er kalla opp etter hovudstaden og den største byen. Han er delt inn ni departement kalla alweya, som er fleirtalsforma av liwaa. Mange av desse departementa ligg tett inntil storbyområdet kring Irbid.
Nahiyaer | Arabisk namn | Folketal (2004) | Administrativt senter | |
---|---|---|---|---|
1 | Irbid nahiya (Al-Qasabeh) | لواء القصبة | 375 594 | Byen of Irbid |
2 | Bani Obaid nahiya | لواء بني عبيد | 93 561 | Al Hisn |
3 | Al-Mazar Al-Shamali nahiya | لواء المزار الشمالي | 44 166 | Al Mazar al Shamali |
4 | Ar Ramtha nahiya | لواء الرمثا | 109 142 | Ar Ramtha |
5 | Bani Kinanah nahiya | لواء بني كنانة | 76 398 | Sama al-Rousan |
6 | Koura nahiya | لواء الكورة | 91 050 | Der Abi Saeed |
7 | Al-Aghwar Al Shamaliyyeh | لواء الأغوار الشمالية | 85 203 | Nord-Shuneh (الشونة الشمالية) |
8 | Taybeh nahiya | لواء الطيبة | 29 318 | Taybeh |
9 | Wasatieh nahiya | لواء الوسطية | 24 046 | Kufr Asad |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Irbid Governorate» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2015.