Irina Belova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Irina Belova
Statsborgarskap Russland
Fødd 27. mars 1968 (55 år)
Angarsk
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Irina Nikolajevna Belova (fødd 27. mars 1968) er ein russisk tidlegare mangekjempar frå Angarsk. Ho vann bronsen i sjukampen ved verdsmeisterskapen 1991 og sølvmedaljen under Sommar-OL 1992.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Belova enda på fjerdeplassen i sjukampen få europameisterskapen 1990 fann stad i Split. Med 6 521 poeng og personbeste, fekk ho 10 færre poeng enn bronsemedaljøren. Året etter vart ho sjølv bronsevinnar under Friidretts-VM i Tokyo. Belova presterte livsbeste i sjukamp då Sommar-OL 1992 vart avvikla. Ho sanka då 6 845 poeng og tok ein soleklar sølvmedalje, trass i at ho vart slått med 199 poeng av Jackie Joyner-Kersee frå USA.

Vårvinteren 1998, etter fire års utestenging frå friidrett, kom Belova på andreplass i femkamp ved innandørs-EM i Valencia. Ho plukka då 4 631 poeng. Eitt år etter auka ho til 4691 poeng og tok ein ny andreplass då innandørs-VM vart avvikla i Maebashi. I tida mellom dei to innandørs-tevlingane vart ho nummer 5 i sjukampen ved Friidretts-EM i Budapest.

Doping[endre | endre wikiteksten]

I 1993 testa Belova positivt i ei dopingprøve. Ho vart deretter nekta å delta i friidrett dei neste fire åra.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]