Irina Press
Irina Press | |
![]() Irina Press under Sommar-OL 1964 | |
Fødd | 10. mars 1939 Kharkiv |
Død |
22. februar 2004 (64 år) |
Yrke | friidrettsutøvar |
Irina Press på Commons |
Irina Natanovna Press[a] (10. mars 1939–22. februar 2004) var ein sovjetisk friidrettsutøvar, fødd i Kharkiv, som tevla internasjonalt i mangekamp, hekkeløp, sprint og kulestøyt. Ho vart olympisk meister i 80 meter hekk i 1960 og i femkamp i 1964. Tamara Press var systera hennar.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Irina Press fekk sitt gjennombrot under dei olympiske sommarleikane 1960 i Roma. Ho vann då 80 meter hekk på tida 10,8 sekundar, ein tidels sekund føre britiske Carole Quinton. Seinare i leikane spurta ho Sovjetunionen sitt lag på 4x100 meter stafett inn til fjerdeplass. I 1962 deltok ho femkamp i friidetts-EM i Beograd, men braut etter fire øvingra.
Under sommarleikane 1964 i Tokyo var Press fullstendig overlegen i femkampen, som då var ny øving i OL-samanheng. Ho sette verdsrekord med 5 246 poeng og slo sølvmedaljøren Mary Rand med over 200 poeng. I kuletevlinga vart ho nummer seks med 16,71 m, systera Tamara vann gullmedaljen med 18,14 meter.
Ved den fyrste europacupen for kvinner i 1965 forbetra Irina Press verdsrekorden på 80-meter hekk til 10,4 sekundar. Tevlingane vart avvikla i Kassel i Tyskland.
Ho la opp brått i 1966, noko som førte til spekulasjonar om hennar kjønn.
Merknadar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Russisk skrift Ирина Натановна Пресс
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Irina Press» frå Wikipedia på tysk, den 9. oktober 2014.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1939
- Døde i 2004
- Sovjetiske hekkeløparar
- Sovjetiske mangekjemparar
- Sovjetiske sprintarar
- Sovjetiske kulestøytarar
- Olympiske meistrar for Sovjetunionen
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1960
- Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1960
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1964
- Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1964
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964