Irina Turova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Irina Turova
Fødd 14. mai 1935
St. Petersburg
Død

8. februar 2012
Moskva

Irina Robertovna Turova[a], ei tid gift Irina Botsjkarjova, (14. mai 19358. februar 2012) var ein sovjetisk friidrettsutøvar frå Leningrad som i 1954 tok to EM-gull på høvesvis 100 meter og 4x100 m stafett.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Foreldra hennar, Robert Ljulko og Galina Turova, hadde begge i si tid sett sovjetrekordar i sprintøvingar og lengdehopp, og teke til saman 28 sovjetiske meistertitlar. 17 år gammal deltok ho sjølv under dei olympiske sommarleikane i Helsingfors i 1952. Her var ho utslått i kvartfinalane på 100 m, før ho sprang fyrsteetappen på Sovjetunionen sitt lag i 4x100 m stafett, ei tevling som enda med fjerdeplass for sovjet-kvinnene.

Turova gjorde eit svært godt meisterskap då EM i friidrett 1954 vart avvikla i Bern i slutten av august månad. På 100 meter sigra ho med tida 11,8 sekundar. Deretter sprang ho Sovjetunionen inn til gull på 4x100 m stafett, saman Vera Krepkina, Rimma Ultikina og Marija Itkina, på tida 45,8. Til siste vart det sølvmedalje på Turova på 200 m, slått av lagkamerat Marija Itkina med eit tidels sekund.

Også under sommar-OL 1956 sprang Turova sistetappen for Sovjetunionen på 4x100 m stafett, til liks med i 1952 vart laget nummer fire i øvinga.

Turovas personlege rekordar var 11,6 (1954) på 100 m og 24,2 (1956) på 200 m.

Ho døydde i Moskva.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kyrillisk skrift Ирина Робертовна Турова

Kjelder[endre | endre wikiteksten]