Irlam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Irlam

Saint John's kyrkje
Saint John's kyrkje
Plassering
Irlam is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Stor-Manchester
Distrikt City of Salford
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

18 504
Koordinatar 53°27′″N 2°25′″WKoordinatar: 53°27′″N 2°25′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer M44 6
Telefon-retningsnummer 0 161
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Irlam

Irlam er ein by og eit «unparished area» innan bydistriktet City of Salford i Stor-Manchester i England. Ved folketeljinga i 2001 hadde Irlam ein folkesetnad på 18 504 personar. Byen ligg på eit flatt område sør for motorvegen M62, nord og vest for Manchester Ship Canal og rundt 12 kilometer vest-sørvest for Manchester. Irlam dannar eit samanhengande byområde med Cadishead, som ligg vidare mot sørvest, og er adskilt frå Flixton og Trafford i søraust av Manchester Ship Canal.[1]

Historisk har Irlam vore ein del av Lancashire. Namnet var opphavleg Irwellham, og staden låg i den sørlege utkanten av Chat Moss, ei stor torvmyr på begge sider av elva Irwell.[2]

På byrjinga av 1800-talet vart store delar av Chat Moss drenert og innvunnen i samband med bygginga av Liverpool and Manchester Railway i 1829. Irlam var likevel berre ein liten landsby fram til jarnbana Cheshire Line si vart bygd og Irlam jernbanestasjon vart opna i 1873. I 1894 vart Manchester Ship Canal bygd, med eit sluseanlegg ved Irlam, noko som stimulerte til vekst for Irlam som ei innlandshamn. Irlam Urban District vart oppretta same år, og eksisterte til det i 1974 vart oppløyst og innlema i det nye bydistriktet City of Salford.

Gjennom ein stor del av 1900-talet var stålproduksjonen ved Lancashire Steel Corporation (seinare British Steel) den dominerande verksemda i Irlam. Men rasjonalisering og konsentrasjon av stålproduksjonen til færre men større stålverk medførte at innan 1979 hadde all stålproduksjon i Irlam vorte nedlagd. Det tidlegare stålverket er i dag Northbank Industrial Estate, der dei fleste arbeidsplassane i byen enno finst. Ein stor del av innbyggjarane er endå pendlarar til verksemder andre stader i Stor-Manchester.

Den nordlege halvparten av Irlam er enno ikkje utbygd, og er det største jordbruksområdet innan Stor-Manchester. Den sørlege delen består hovudsakleg av bustadområde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Townships:Barton». A History of the County of Lancaster: Volume 4. 1911. Henta 18. juli 2011. 
  2. «Irlam & Cadishead – Local History». Salford City Council. Henta 18. juli 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]