Lyktemann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Irrlys)
Eit oljemåleri frå 1882 av ein lyktemann av Arnold Böcklin

Lyktemann eller irrlys (òg kalla vettelys eller alvelys) er små ljos, ofte flakkande, som blir observert i og ved myrer. I følgje folketrua var det barn som døydde utan dåp, og som sidan streifa omkring for å lokke folk på villspor.

Liknande segner finst i mange kulturar. I England blir fenomenet kalla Will o' the wisp, i Tyskland Irrlicht, i Frankrike feu follet og det finst òg i Japan, som fenomenet Hitodama. Fenomenet er skildra av fleire pålitelege augevitne, til dømes av astronomen Friedrich Wilhelm Bessel, som i 1807 såg lyktemenn utanfor Hamburg.

Det finst fleire moglege vitskaplege forklaringar på lysa, som at dei kjem frå fosforescerande gassar frå organiske stoff i myra, kanskje sumpgass (metan) blanda med fosforhydrid. Det kan òg vere sjølvlysande insekt, som sankthansorm, eller lysande, roten ved. Fenomenet er relativt sjeldan i Noreg, sidan det ofte er for kaldt til at lyktemenn kan oppstå, men ei vandresegn knytt til Olav Haraldsson fortel at det brann eit blått lys i fotspora hans nær Stiklestad.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«lyktemenn» i Store norske leksikon, snl.no.