Irthing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Irthing
elv
Land  Storbritannia
Kart
Irthing
54°55′00″N 2°48′00″W / 54.916666666667°N 2.8°W / 54.916666666667; -2.8
Wikimedia Commons: River Irthing

Irthing er ei elv i Cumbria i England og ei viktig bielv til elva Eden. Namnet er skrive som Ard eller Arden i tidlege tilvisingar.[1] I dei fyrste 15 miles av løpet sitt dannar elva grensa mellom Northumberland og Cumbria.[2]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Irthing» kan vera av brytonsk (keltisk) opphav,[3] men den nøyaktige ordsoga er usikker. Sistedelen av namnet kjem frå –ïnn, ei adjektivform som i stadnamn blir nytta som suffiks etter substantiv og adjektiv.[3] Den fyrste delen kan vera arth, med tydinga 'bjørn' (jf. walisisk arth).[3] Han kan også vera eitt av to moglege elements følgd av -ed, eit tidleg keltisk nominalsuffiks med tydinga 'med eigenskapen til...'.[3] Det fyrste av desse er *ar, eit gammal elvenamn-element som anten kan visa til rørsle, 'flytande', eller 'stigande' (sjå Irt). Det andre moglege elementet er *īr, som tyder 'rein'.[3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ved siste glasiale maksimum, eller den siste istida, trur ein at Irthing rann inn i South Tyne gjennom vasskiljet nær Greenhead, som no er kjend som Tyne Gap. Denne delen av dalen er no fylt igjen av morenemasse, slik at elva er blitt avleidd mot sørvest, men det gamle løpet er funne gjennom drilling og ekkolodd.[4] Dei raskt eroderande klippene, som truger sørenden av Birdoswald Roman Fort, og det at det romerske brufestet ved Willowford no er 44 m (144.4 ft) unna elva viser at det lokale landskapet og elveløpet er i stadig endring etter istida.

Elva byrjar på Paddaburn Moor i Kielder Forest og renn rundt austsida av Butterburn Flow høgmyr. Det er funne fleire setrar eller shielings frå mellomalderen langs breiddene i desse øvre delane av elva.[5] Nokre av dei er verna som fornminne.

Elva renn eit stykke over landsbyen Gilsland i to miles, gjennom Irthing Gorge, hovudsakleg omgjeven av sandsteinsklipper. I den øvre delen av denne kløfta ligg den 7,6 meter (25 feet) høge fossen Crammel Linn. Vandrefalk og ramnar hekkar nær fossen. Like over han er det forfalne militære bygningar, truleg pumpehus for å tilføra vatn til rakettstasjonen Blue Streak ved RAF Spadeadam. Lenger ned elva, på eigedommen til Gilsland Spa hotel, blir dei små klippene høgare. Klippene under hotellet har ei svovelrik vasskjelde som hotellet har namn etter.

Hadrianmuren kryssa elva på ei bru ved Willowford, 0,75 km aust for Birdoswald Roman Fort. Etter dette punktet svinger løpet mot vest. Langs løpet ligg fleire romerske stader knytt til romarvegen Stanegate og Hadrianmuren. Ein 914 meter lang del av muren, med to tårn og restar av ei bru, går langs Irthing ved Willowford. Ei ny fotgjengarbru bind saman desse stadane med Birdoswald Roman Fort.[6] Overgangen over Irthing markerte eit viktig skilje i konstruksjonen av Hadrianmuren, der tilgangen på byggjestein var mykje større i aust enn i vest.

Elva renn forbi Brampton og saman med Gelt. Eit kort stykke etter dette renn ho saman med Eden nær Warwick Bridge, like nord for Wetheral.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Edmund Gosse, 1756, The Life of John Buncle, Esq., J. Noon, London
  2. Ordnance Survey Outdoor Leisure 43, 1997, 1:25000
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 James, Alan G. «A Guide to the Place-Name Evidence - Guide to the Elements» (PDF). Scottish Place Name Society - The Brittonic Language in the Old North. Henta 25 October 2018. 
  4. Lunn, A.G., 1988, Glacial drift thickness in the Tyne Gap, Northumberland : Transactions of the Natural History Society of Northumbria 55(1) p.20-27
  5. Ramm, McDowell & Mercer, 1970, Shielings and Bastles, HMSO
  6. «Willowford Wall, Turrets and Bridge - Hadrian's Wall - English Heritage». Henta 15 April 2017.