Irvine Arditti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Irvine Arditti
Irvine Arditti, MASP.jpg
Irvine Arditti, i ein presentasjon ved São Paulo kunstmusem i 2011.
Fødd1953 (alder 65–66)
FødestadLondon i England
OpphavStorbritannia
Aktiv1974 til i dag
Sjangerklassisk
InstrumentFiolin
Tilknytte artistarLondon Symphony Orchestra, Arditti Quartet
Verka somFiolinist

Irvine Arditti (f. 1953) er ein britisk fiolinist.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Arditti studerte ved Royal Academy of Music frå han var 16 år gammal, i lag med Clarence Myerscough og Manoug Parikian. Han kom inn i London Symphony Orchestra i 1976 og etter to år, 25 år gammal, vart han medkonsertmeister. Han slutta i orkesteret i 1980 for å bruke meir tid på Arditti Quartet, som han hadde danna då han var student.

Arditti har gjeve verdspremierar på fleire store verk som er spesifikt skriven for han, som Iannis Xenakis sitt Dox Orkh og Toshio Hosokawa sitt Landscape III, begge for fiolin og orkester, i tillegg til Terrain av Brian Ferneyhough, Riti Neurali og Body Electric av Luca Francesconi, Vernal Showers av James Dillon, Scena av Jonathan Harvey, Vita Nova av Brice Pauset og Aspiration av Roger Reynolds og Salvatore Sciarrino sin Le Stagioni Artificiali alle for fiolin og ensemble. Han har òg skrive mange soloverk sjølv.

Han har spelt med mange kjende orkester og ensemble som Bayerische Rundfunk, BBC Symphony, Berlin Radio Symphony, Royal Concertgebouw, Junge Deutsche Philharmonie, Munich Philharmonic, Orchestre National de Paris, Het Residentie den Hague, Rotterdam Philharmonic, Asko Ensemble, Ensemble Contrechamps, London Sinfonietta, Nieuw Ensemble, Nouvel Ensemble Modern, Oslo Sinfonietta og Schoenberg Ensemble.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Service, Tom (20. juni 2008). «'Nothing is impossible if you rehearse it enough'». Henta 22. august 2014.  Den ukjende parameteren |nettstad= vart ignorert (hjelp)