Iryna Jatsjanka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jatsjanka i 2004 med OL-bronsen som ho vart fråteken i 2012

Iryna Jatsjanka[a] (fødd 31. oktober 1965) er ein kviterussisk tidlegare friidrettsutøvar frå Homel som tevla i diskoskasting for både Sovjetunionen og frå 1993 for Kviterussland. Ho vart verdsmeister i øvinga i 2003.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Gjennom 20 sesongar, 1990-2009, nådde Jatsjanka diskosfinalen i 15 internasjonale meisterskapar; europameisterskap, verdsmeisterskap og olympiske leikar. Ho vann si fyrste medalje då ho i 2000 under dei olympiske sommarleiane i Sydney slengde diskosen 65,20 m, noko som heldt til bronse.

Under VM i friidrett 2003 i Paris/Saint-Denis gjekk Jatsjanka sigrande ut av ein tett kamp om gullmedaljen, sterkt truga gjennom heile tevlinga av dei greske kvinnene Anastasia Kelesidou og Ekaterini Vongoli. Vinnarkastet målte 67,32 m, 18 cm over Kelesidou sitt bestekast, med Vongoli vel halvmeteren bakom Jatsjanka.

Den 31. juli 2004 forbetra Jatsjanka sin personlege rekord til 69,14 m i ei tevling i Minsk. Få veker seinare deltok ho i Sommar-OL 2004 i Aten. Med eit kast på 66,17 m kopierte ho plasseringa i forrige OL og vart tildelt ein ny bronsemedalje.

Jatsjanka la opp i 2010, nærare 45 år gammal.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Den 5. desember 2012 vedtok IOK, etter nye testar av urinprøvene frå Sommar-OL 2004, å stryke Jatsjanka sitt resultat frå Aten-OL. Dermed mista ho bronsemedaljen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kviterussisk skrift Ірына Ятчанка

Kjelder[endre | endre wikiteksten]