Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980–81

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980–81
Konsertalbum av Pink Floyd
Språk engelsk
Utgjeve 23. mars 2000
Innspelt
  • 7–9. august 1980
  • 14–17. juni 1981
Spelestad Earls Court i London i England
Sjanger Progressiv rock, hardrock
Lengd 105:21
Selskap
Produsent James Guthrie
Pink Floyd-kronologi 
1967: The First Three Singles
(1997)
Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980–81 Echoes: The Best of Pink Floyd
(2001)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]
NME(5/10)[2]
Rolling Stone2/5 stars[3]

Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980–81 er eit konsertalbum av Pink Floyd gjeve ut i 2000, men er innspelingar av konsertar frå The Wall-turnén i 1980-1981. Songane som vart brukt på albumet er plukka frå heile turnéen, men mesteparten er henta frå Earls Court i London.

Konserten involverte bygginga av ein mur på langs av scenen gjennom første halvdel av konserten. Under andre halvdel framførte bandet songane gjennom små opningar i muren, på toppen av muren, føre muren og til og med bak muren. Plateomslaget hadde bilete av masker som var svært lik dei fire medlemmane av Pink Floyd på den tida. Desse maskene var det «Surrogatbandet» som hadde på seg under songen «In the Flesh».

Is There Anybody Out There? inneheld heile albumet The Wall i tillegg til to songar, «What Shall We Do Now?» og «The Last Few Bricks». «What Shall We Do Now?» skulle opphavleg med på det originale albumet, men vart fjerna på grunn av plassmangel. «The Last Few Bricks» var derimot ein instrumental overgang mellom «Another Brick in the Wall (Part III)» og «Goodbye Cruel World» og inneheldt tema frå «The Happiest Days of Our Lives», «Don’t Leave Me Now», «Young Lust» og «Empty Spaces»/«What Shall We Do Now?», og vart spelt slik at scenearbeidarane fekk tid til å legge på plass resten av brikkene. Berre ei brikke var igjen, og gjennom det siste holet song Roger Waters «Goodbye Cruel World» før siste del av showet var ferdig og holet vart tetta. Før konsertalbumet kom ut hadde ikkje denne instrumentalen noko tittel, og fansen kalla han «Almost Gone», men under miksinga av konsertalbumet føreslo produsent James Guthrie tittelen for Roger Waters. Det var òg to talespor på albumet med tittel: «MC: Atmos» eller «Master of Ceremonies», ein heilt i starten før «In the Flesh?», og ein før reprisen av «In the Flesh». Desse vart framført av Gary Yudman, som var seremonimester på Earls Court-konsertane i 1980 og 1981.

Albumet fekk litt kritikk då det kom, og enkelte kritikarar meinte albumet var for stivt strukturert til å vere eit konsertalbum, og berre var ein dårlegare utgåve av studioversjonen, medan andre meinte det var ein glimrande presentasjon av korleis konsertane var, og ein glimrande innspeling og produksjon. Det er nokre små forskjellar mellom konsert- og studioversjonane av songane. Stort sett inneber dette at versjonane på konsertalbumet har lengre introar og lengre gitarsoloar.

Albumet nådde 19. plass på Billboardlista og selde raskt over 1 million eksemplar. Det vart det første (og einaste) Pink Floyd-albumet som ikkje vart gjeve ut på vinyl.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tekst er skriven av Roger Waters; all musikk er komponert av Roger Waters, utanom der andre er nemnde.

Plate ein
Nr.TittelMusikkVokalLengd
1.«MC: Atmos» (9. august 1980; inkludert utdrag frå «We'll Meet Again»)N/AYudman1:13
2.«In the Flesh?» (7. august 1980/8. august 1980/9. august 1980) Waters3:00
3.«The Thin Ice» (9. august 1980) Gilmour, Waters2:49
4.«Another Brick in the Wall - Pt 1» (7. august 1980/8. august 1980/9. august 1980) Waters, Gilmour4:13
5.«The Happiest Days of Our Lives» (7. august 1980/8. august 1980/9. august 1980) Waters, Gilmour1:40
6.«Another Brick in the Wall - Pt 2» (14. juni 1981/8. august 1980) Gilmour, Waters6:19
7.«Mother» (16. juni 1981) Waters, Gilmour7:54
8.«Goodbye Blue Sky» (17. juni 1981) Gilmour3:15
9.«Empty Spaces» (14. juni 1981) Waters2:14
10.«What Shall We Do Now?» (14. juni 1981/17. juni 1981) Waters1:40
11.«Young Lust» (7. august 1980/8. august 1980/9. august 1980)Waters, GilmourGilmour, Waters5:17
12.«One of My Turns» (7. august 1980/8. august 1980/9. august 1980) Waters3:41
13.«Don't Leave Me Now» (7. august 1980/8. august 1980/17. juni 1981) Waters4:08
14.«Another Brick in the Wall - Pt 3» (7. august 1980/8. august 1980/9. august 1980) Waters1:15
15.«The Last Few Bricks» (7. august 1980/8. august 1980)Waters, GilmourInstrumental3:26
16.«Goodbye Cruel World» (8. august 1980) Waters1:41
Total lengd:53:50
Plate to
Nr.TittelMusikkVokalLengd
1.«Hey You» (16. juni 1981/17. juni 1981) Gilmour, Waters4:55
2.«Is There Anybody Out There?» (15. juni 1981) Waters, Gilmour3:09
3.«Nobody Home» (14. juni 1981/16. juni 1981/17. juni 1981) Waters3:15
4.«Vera» (15. juni 1981/16. juni 1981) Waters1:27
5.«Bring the Boys Back Home» (15. juni 1981/16. juni 1981) Waters1:20
6.«Comfortably Numb» (14. juni 1981/15. juni 1981/16. juni 1981/17. juni 1981)Gilmour, WatersGilmour, Waters7:26
7.«The Show Must Go On» (16. juni 1981) Gilmour2:35
8.«MC: Atmos» (16. juni 1981)N/AYudman0:37
9.«In the Flesh» (7. august 1980/8. august 1980) Waters4:23
10.«Run Like Hell» (14. juni 1981/15. juni 1981/16. juni 1981/17. juni 1981)Gilmour, WatersGilmour, Waters7:05
11.«Waiting for the Worms» (14. juni 1981/15. juni 1981/16. juni 1981) Waters, Gilmour4:14
12.«Stop» (9. august 1980) Waters0:30
13.«The Trial» (9. august 1980)Waters, EzrinWaters6:01
14.«Outside the Wall» (8. august 1980) Waters4:27
Total lengd:51:31

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Pink Floyd
Andre medverkande

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album
Liste (2000) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria)[4] 3
Belgiske album (Ultratop Flandern)[5] 7
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[6] 5
Kanadiske album (Billboard)[7] 4
Canada Top Albums/CDs (RPM)[8] 10
Nederlandske album (MegaCharts)[9] 4
Franske album (SNEP)[10] 8
Tyske album (Offizielle Top 100)[11] 3
Irske album (IRMA)[12] 22
Italienske album (FIMI)[13] 2
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[14] 4
Norske album (VG-lista)[15] 2
Svenske album (Sverigetopplistan)[16] 50
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[17] 3
Britiske album (OCC)[18] 15
US Billboard 200[19] 19
Singlar
År Singel Liste Plassering
2000 «Young Lust» Mainstream Rock Tracks 15[19]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[20] Gull 100 000^
USA (RIAA)[21] Platina 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas (2011). «Is There Anybody Out There? The Wall: Live 1980-1981 - Pink Floyd | AllMusic». allmusic.com. Henta 18. juli 2019. 
  2. «NME Album Reviews - Is There Anybody Out There?: The Wall Live, 1980-81 - NME.COM». nme.com. 2011. Henta 18. juli 2019. 
  3. Wolk, Douglas (2011). «Pink Floyd: Is There Anybody Out There? The Wall Live: 1980-81 : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 12. april 2009. Henta 18. juli 2019. 
  4. "Pink Floyd - Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  5. "Pink Floyd – Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  6. "Pink Floyd – Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  7. "Pink Floyd Album & Song Chart History" Billboard Canadian Albums Chart for Pink Floyd. Prometheus Global Media. Henta 9. juli 2019.
  8. "Top RPM Albums: Nummer 9828". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 9. juli 2019.
  9. "Pink Floyd – Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  10. "Pink Floyd – Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  11. "Offiziellecharts.de – Pink Floyd – Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 9. juli 2019.
  12. "GFK Chart-Track". Chart-Track.co.uk. GFK Chart-Track. IRMA. Henta 18. juli 2019.
  13. "Pink Floyd – Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81". Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  14. "Pink Floyd – Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  15. "Pink Floyd – Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  16. "Pink Floyd – Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  17. "Pink Floyd – Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  18. "Pink Floyd | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 9. juli 2019.
  19. 19,0 19,1 "Pink Floyd Album & Song Chart History" Billboard 200 for Pink Floyd. Prometheus Global Media. Henta 9. juli 2019.
  20. «British album salstrofé – Pink Floyd – Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81». British Phonographic Industry. Henta 9. juli 2019.  Enter Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  21. «American album salstrofé – Pink Floyd – Is There Anybody Out There». Recording Industry Association of America. Henta 9. juli 2019.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH