Isaac Barrow
Utsjånad
| Isaac Barrow | |||
| | |||
| Fødd | oktober 1630 London | ||
|---|---|---|---|
| Død | 4. mai 1677 London | ||
| Nasjonalitet | Kongeriket England | ||
| Område | fysikk, matematikk, teologi | ||
| Yrke | teolog, matematikar, matematikkhistorikar, fysikar, universitetslærar, filosof | ||
| Institusjonar | Gresham College University of Cambridge | ||
| Alma mater | University of Cambridge Trinity College i Cambridge Felsted School Charterhouse School | ||
| Doktorgradsrettleiar | Vincenzo Viviani Gilles Personne de Roberval | ||
| Medlem | Royal Society | ||
Isaac Barrow (ca. oktober 1630–4. mai 1677) var ein engelsk matematikar og teolog.
Han studerte i Cambridge, der han i 1661 etter eit lengre utanlandsopphald vart professor i gresk, og seinare i matematikk. I 1669 overgav han professoratet til eleven sin Isaac Newton. Barrow slo seg så over på teologisk forfattarskap, og vart sidan rektor ved Trinity College og visekanslar for universitetet i Cambridge. Han var òg ein av dei store predikantane i samtida si.
Han er mest kjend for arbeida sidan innan matematikk og er ein av dei viktigaste banebrytarane for differensial- og integralrekning. I tillegg arbeidde han med optikk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Isaac Barrow». Store norske leksikon. 29. november 2011.