Isaach Isaachsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Isaach Isaachsen
Fødd 25. mai 1774
Død

15. august 1828

Yrke politikar

Isaach Isaachsen (25. mai 177415. august 1828) var ein norsk kjøpmann frå Kristiansand, stortingsmann i 1818.

Isaachsen var son til ein kjøpmann i Kristiansand. Sjølv oppheldt han seg i Frankrike frå 1790 til 1792 og var då med i jakobinarklubben. Soga vil ha det til at «Da Faderen blev ængstelig for ham, sendte han et skib til Dunkirk. Skipperen, en 'stærk' baatsmand og en eller to matroser kjørte til Paris, 'bandt' ham og kjørte ham tilbage til skibet, hvormed han blev bragt hjem». Isaachsen var resten av livet prega av ideal framheva under den franske revolusjonen.

Isaachsen var kjøpmann i fødebyen, gift med ei dotter av biskopen i Kristiansand, Peder Hansen. Frå 1816 var han elles gardbrukar på Tjos i Oddernes og busett der. Han representerte Lister og Mandals amtstortinget 1818, medlem av sju komitear. Her viste han ein imponerande aktivitet og la fram mange radikale reformforslag, dei fleste avvist mot ei røyst. Mellom anna foreslo han borgarleg viing. Det enda med hans tremenning og kollega på stortinget, Samuel Simonsson Fede, til sist fekk alvorleg: «.. paalæg om at sørge for at Isaachsen ikke kom til at blive gjenvalgt, thi en slig galning vilde de ikke vide af paa thinget.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]