Isaak Brodskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isaak Brodskij

Statsborgarskap Det russiske imperiet, Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken, Sovjetunionen
Fødd 25. desember 1883
Berdjansk, Sofijivka
Død

14. august 1939 (55 år)
St. Petersburg

Yrke kunstmålar, kunstnar, biletkunstnar, fotograf, grafikar
Sjanger portrett
Isaak Brodskij på Commons

Isaak Izrailevitsj Brodskij (russisk: Исаак Израилевич Бродский) (6. januar 188414. august 1939) var ein sovjetisk målar. Verk frå hans hand vart nærast blåpapir for kunstretninga sosialistisk realisme. Han er kjend for sine framstillingar av Lenin og idealiserte, grundig utførte måleri som viser til hendingar under den russiske borgarkrigen og bolsjevikrevolusjonen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Lenin, før 1925
Brodskij nr 2 frå venstre, på eit foto frå 1926 av medlemer av Unionen av målarar for det revolusjonære Russland

Brodskij var fødd i landsbyen Sofijevka i Ukraina. Han studerte ved Odessa kunstakademi og sidan St. Petersburgs kunstakademi. I 1916 vart han med i Jødisk selskap til fremjing av kunst. Etter revolusjonen fekk han mellom anna oppdrag i å måle Lenin. Då Brodskij bad Lenin om å signere måleriet Lenin, sa denne: «Eg skriv under, for fyrste gong, på det eg ikkje er samd i.»

Brodskij stod på ein god fot med mange leiande russiske målarar, inkludert læremeisteren sin, Ilja Repin. Brodskij var ein grådig kunstsamlar og donerte tallause fyrsteklasses måleri til museum i Ukraina og andre stader. Hans ypperlege kunstsamling inneheldt framståande verk av Repin, Vasilij Surikov, Valentin Serov, Isaak Levitan, Mikhail Vrubel og Boris Kustodjev. Etter Brodskijs død vart husværet hans i St. Petersburg omgjort til nasjonalt museum. Der kunstsamlinga framleis er utstilt.

Lenin på Putilov-fabrikken i mai 1917, 1929

Brodskij var æreskunstnar av dei russiske sovjetrepublikkane, og medlem av Unionen av målarar for det revolusjonære Russland. Han var den fyrste målaren som vart tildelt Leninordenen. I 1934 vart han utnemnd til direktør for Stor-Russlands kunstakademi.

Memoarane hans vart utgjevne etter han var død.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]