Isabel dos Santos
Isabel dos Santos | |
Statsborgarskap | Angola, Russland |
Fødd | 20. april 1973 (51 år) Baku |
Yrke | gründer, sosietetsperson |
Språk | portugisisk, Angolan Portuguese |
Far | José Eduardo dos Santos |
Mor | Tatiana Kukanova |
Ektefelle | Sindika Dokolo |
Isabel dos Santos på Commons |
Isabel dos Santos (fødd 18. juli 1973 i Baku i Den aserbajdsjanske sosialistiske sovjetrepublikken i Sovjetunionen)[1][2] er ei angolansk forretningskvinne, omtala som den rikaste kvinna i Afrika og den fyrste kvinnelege milliardæren. Ho er dotter av José Eduardo dos Santos, som var president i Angola frå 1979 til 2017.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Isabel dos Santos er dotter av José Eduardo dos Santos og russiske Tatjana Kukanova. Foreldra trefte kvarandre mens dei begge studerte i Baku på Det aserbajdsjanske statsuniversitetet for olje og industri. Foreldra til faren var frå São Tomé og Príncipe.[3][4]
Foreldra gjekk frå kvarandre, og etter oppvekst i Angola budde dos Santos saman med mora i London. Der studerte dos Santos ingeniørvitskap ved King's College.[5] Det var der ho møtte den seinare ektemannen sin Sindika Dokolo frå Zaire.[6] Han var son av millionæren Augustin Dokolo Sanu frå Kinshasa og den danske kona hans Hanne.[7] Dos Santos gifta seg med Sindika Dokolo i 2002.[8]
Dos Santos har ein halvbror, José Filomeno dos Santos.[1]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]I 1996 flytta Dos Santos tilbake til Angola.[1] Året etter byrja ho si fyrste forretningsverksemd, ein restaurant i hovudstaden Luanda.[9] I perioden då faren var president sikra ho seg eigardelar i ei rekkje angolanske selskap, inkludert i bank- og telekommunikasjonssektoren. Ho har også hatt eigarinteresser i Portugal.[5][4] Faren utnemnde henne til sjef for oljeselskapet Sonangol i juni 2016, men den nye presidenten i landet, João Lourenço, fjerna henne frå denne stillinga i november 2017.[10] Magasinet Forbes anslo at ho ved utgangen av 2020 hadde ein formue på 1,6 milliardar amerikanske dollar, ned frå 3,7 milliardar i 2014.[11] Ho var då rekna som den trettande rikaste personen i Afrika,[11] og som den rikaste kvinna på det afrikanske kontinentet.[12] Ho vert også omtala som den fyrste kvinnelige milliardæren i Afrika.[5][9]
I Angola vart det i 2019 sett i gang korrupsjonsetterforsking, og dos Santos fekk midlane sine frosne.[13][14] I 2020 fekk ho også midlane i Portugal frosne.[15][16] I januar 2020 kunngjorde den portugisiske banken EuroBic at dei braut sambandet med dos Santos, som selde seg ut som majoritetseigar.[17][18] Dos Santos avviste klagemåla retta mot henne.[19] 18. november 2022 vart dos Santos etterlyst internasjonalt av Interpol, etter ønskje frå den offentlege påtalemakta i Angola.[20][21]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Emmanuel K. Akyeampong; Henry Louis Gates jr., red. (2012). «Santos, Isabel dos». Dictionary of African Biography (på engelsk). Oxford University Press. s. 272. ISBN 9780195382075. doi:10.1093/acref/9780195382075.001.0001. Henta 20. november 2022.
- ↑ Inge Mariëtte Ruigrok (8. desember 2011). «Santos, Isabel dos». Oxford African American Studies Center (på engelsk). doi:10.1093/acref/9780195301731.013.49887. Henta 28. desember 2020.
- ↑ «O Presidente do Mpla» (på portugisisk). MPLA. Arkivert frå originalen 22. januar 2011. Henta 20. november 2022.
- ↑ 4,0 4,1 Louise Redvers (2. november 2012). «Angola: Who’s who in the palace?». The Mail & Guardian (på engelsk). Henta 26. desember 2020.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Dolan, Kerry A. «Isabel Dos Santos, Daughter Of Angola's President, Is Africa's First Woman Billionaire». Forbes (på engelsk). Arkivert frå originalen 15. august 2017. Henta 26. desember 2020.
- ↑ «The Dokolo Family». dokolo.com (på engelsk). Henta 20. november 2022.
- ↑ «The complete biography of Augustin Dokolo Sanu». dokolo.com (på engelsk). Henta 14. mars 2013.
- ↑ «Dokolo, Sindika», i W. Martin James: Historical Dictionary of Angola, 3. utgave, Rowman & Littlefield, 2018, s. 115.
- ↑ 9,0 9,1 «Isabel dos Santos: 'First African female billionaire'». BBC News (på engelsk). 25. januar 2013. Henta 26. desember 2020.
- ↑ «Isabel Dos Santos sacked from Angola state oil firm». BBC News (på engelsk). 15. november 2017. Henta 26. desember 2020.
- ↑ 11,0 11,1 «Isabel dos Santos». Forbes (på engelsk). Henta 26. desember 2020.
- ↑ «Africa’s Billionaires». Forbes (på engelsk). Henta 26. desember 2020.
- ↑ Lund, Kenneth (1. januar 2020). «Fryser midlene til Afrikas rikeste kvinne». Dagens Næringsliv. Henta 26. desember 2020.
- ↑ George, Victoria Waldersee, Alexander Winning, Libby (31. desember 2019). «Angola hits 'Princess' dos Santos with asset freeze». Reuters (på engelsk). Henta 26. desember 2020.
- ↑ «Portugal Freezes Isabel Dos Santos Accounts, Aiding Angola Asset Hunt». Bloomberg.com (på engelsk). 11. februar 2020. Henta 26. desember 2020.
- ↑ Sachmechi, Natalie. «Portuguese Judge Orders Seizure Of Billionaire Isabel Dos Santos’ Assets In The Country Amid Corruption Charges». Forbes (på engelsk). Henta 26. desember 2020.
- ↑ «Isabel dos Santos: EuroBic severs ties with Angola billionaire». BBC News (på engelsk). 21. januar 2020. Henta 26. desember 2020.
- ↑ «Angola's dos Santos to sell Eurobic stake, decision is 'final'». Reuters (på engelsk). 22. januar 2020. Henta 26. desember 2020.
- ↑ «Isabel dos Santos responds to Luanda Leaks investigation». The Guardian (på engelsk). 23. januar 2020. Henta 26. desember 2020.
- ↑ Eirik Wichstad (19. november 2022). «Afrikas rikeste kvinne etterlyst av Interpol». VG. Henta 20. november 2022.
- ↑ Catarina Demony (19. november 2022). «Interpol issues arrest warrant for Angola's Isabel dos Santos, Lusa reports». Reuters (på engelsk). Henta 20. november 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Isabel dos Satntos» frå Wikipedia på bokmål, den 21. november 2022.