Isabella Augusta Gregory
| Isabella Augusta Gregory | |
![]() | |
| Statsborgarskap | Irland, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
| Fødd | 15. mars 1852 Loughrea |
| Død |
22. mai 1932 (80 år) |
| Yrke | lingvist, lyrikar, skodespelforfattar, omsetjar, sjølvbiograf, dagbokskrivar, skribent |
| Språk | engelsk |
| Far | Dudley Persse |
| Mor | Frances Barry |
| Ektefelle | William Henry Gregory |
| Isabella Augusta Gregory på Commons | |
Isabella Augusta Gregory (15. mars 1852–22. mai 1932), kjend som Lady Gregory, var ein irsk dramatikar og folkeminnesamlar.[1]
Saman med William Butler Yeats og andre var ho med på å skipa Irish Literary Theatre og Abbey Theatre, og ho skreiv ei rekkje kortare stykke til begge teatera. Lady Gregory gav også ut ei rekkje bøker med attforteljingar av historier frå den irske mytologien. Sjølv om ho var fødd inn i ein klasse som normalt støtta det britiske styret, blei ho etter kvart engasjert i den kulturelle irske nasjonalismen.
Lady Gregory blir særleg hugsa for arbeidet med den irske renessansen. I heimen hennar i Coole Park i County Galway møtte dei viktigaste personane i denne rørsla kvarandre, og det tidlege arbeidet hennar som medlem av leiinga for Abbey Theatre var minst like viktig som dei kreative tekstane hennar.[2]
Lady Gregory blei fødd som Isabella Augusta Persse i Roxborough i County Galway i Irland i 1852. Ho gifta seg med sir William Henry Gregory, ein landeigar som hadde vore parlamentsmedlem og guvernør på Ceylon (Sri Lanka), i 1882. Ho blei enkje i 1892, og det var fyrst då ho byrja den litterære karrieren sin.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Augusta, Lady Gregory». Encyclopædia Britannica. 8. mars 2018. Henta 17. oktober 2025.
- ↑ Yeats 2002, s. 391.
- Yeats, William Butler (2002) [1993], Writings on Irish Folklore, Legend and Myth, Penguin Classics, ISBN 0-14-018001-X
