Isabella av Burgund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Isabella av Burgund
Master of the Legend Isabella of Austria.jpg
Fødd 18. juli 1501
Brussel
Død

19. januar 1526
Gent

Yrke Regent
Isabella av Burgund på Commons
Isabella av Burgund

Isabella av Burgund (òg kjend som Elisabeth av Austerrike, Elisabeth av Habsburg, spansk: Isabel dei Austria y Trastámara), født 18. juli 1501 i Brussel, død 19. januar 1526 i Gent, gift med Christian II, var dronning av Danmark og Noreg og 1520-21 den siste dronninga av Sverige under Kalmarunionen.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Ho var dotter av Johanna av Castilla og Filip I; hennes mormor og morfar var Isabella I og Ferdinand II av Aragonia, og hennes farmor og farfar var Maria av Burgund og keisar Maximilian I tysk-romersk keisar.

Etter farens død i 1506 vart ho oppdrege av si tante, Margarete, som regjerte i Nederlandene i byen Mechelen.

Elisabet og hennes sysken vart sett på som dens tids «edlaste barn», Elisabeth er òg den utan samanlikning den mest fornemme dronning Danmark har hatt. Hennes brødre Karl V og Ferdinand I vart som tysk-romerske keisarar Europas mektigaste menn. Dei måtte likevel kjempa med religiøse problem, utløyst av Martin Luther og reformasjonen.

Christian II[endre | endre wikiteksten]

Stenrelieff av Elisabeth frå den utvendige trappa til Riddersalen på Københavns Slott, av Morten Bussert (ufærdig), Nationalmuséet i København

Elisabet stod høgt i kurs på den europeiske ekteskapsmarknaden. Det dansk-norsk-svenske kongen Christian II ønskte seg ei hustru etter sin tronbestigelse, som kunne gje gode handelsmessige samband. Hans val fall på Elisabet. Ho tok med stor resignasjon imot meldinga om at ho skulle gifta seg med den tjue år eldre kongen. På grunn av sin unge alder hadde ho ikkje anna val enn å retta seg etter sina formyndere.

I juni 1515 segla den danske erkebiskopen saman med ei mengd adelsmenn til Nederland for å følgja den unge Elisabet til Danmark. Den 4. august 1515 steig ho i land i Helsingør. Sundag den 12. august 1515 vart den 14-årige prinsesse Elisabet gift med den 34-årige kong Christian.

Nederlendere på Amager[endre | endre wikiteksten]

Elisabet vann snart hjartet til det danske folk. Christian II rådførde seg ofte med sin hustru, då ho – trass sin unge alder – var særs politisk medvite. Sin tilhøvet til manns elskerinne Dyveke bar Elisabet med tolmod. I året 1517 døydde Dyveke plutseleg i Helsingør, moglegvis forgifta av kirsebær.

Elisabet sakna dei friske grønnsakene som ho var vann til frå Mechelen. Detta gjorde at Christian II inviterte nederlandske bønder til å bu og dyrka i Store Magleby på Amager.

Dorothea, Hans og Christina av Jan Gossaert, 1526

Landflyktighet[endre | endre wikiteksten]

Christian IIs reformer hadde skapt motstand. Adelen i Jylland reiste seg mot kongen, som vart tvinga til å flykta. Den 13. april 1523 reiste Christian til Nederland saman med Elisabeth, deres barn og Dyvekes mor, Sigbrit. I Nederland budde dei fyrst hos Elisabeths tana Margarete.

I slutten av 1524 flytta familien til Lier i Belgia. Der opplevde dei ei vanskeleg tid, fylt med bekymringer og mangel på pengar. På grunn av dei vanskelege tilhøva vart Elisabeth sjuk. I slutten av 1525 reiste ho med sin mann til klosteret Zwijnaarde utanfor Gent.

Elisabeth døydde 19. januar 1526, berre 24 år gammal. Ho vart opphavleg gravlagt i Sankt Peterskirken i Gent. Sidan oktober 1883 har ho og sonen Hans, endå vore gravlagt ved sida av sin mann og svigerforeldre i Sankt Knuds kyrkje i Odense.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Eksterne lenkjer[endre | endre wikiteksten]