Isabelle Mir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Isabelle Mir
09.02.65 Isabelle Mir (1965) - 53Fi687 (cropped).jpg
Fødd 2. mars 1949
Saint-Lary-Soulan
Yrke alpinist
Isabelle Mir på Commons

Isabelle Mir (fødd 2. mars 1949) er ein fransk tidlegare skirennar frå Saint-Lary-Soulan i departementet Hautes-Pyrénées som vart nummer to i verdscupen i alpine greiner 1968, og vann sølvmedaljen i utfor både under Vinter-OL 1968 og alpin-VM 1970.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Mir fekk sitt gjennombrot då ho vann eit verdscuprenn i utfor i mars 1967 i USA. Fram til mars 1971 vann ho i alt ni renn i verdscupen, alle i utfor, unnateke det siste som var eit storslalåmrenn. I 1968 kom ho på andreplass i verdscupen i alpine greiner, einast kanadiske Nancy Greene sanka fleire poeng. Mir vann same sesongen ein verdscup-pokal i utfor, delt med Olga Pall frå Austerrike. To år, i 1970, tok ho ein ein ny FIS-pokal i utfor, med god margin til landskvinna Annie Famose.

Under Vinter-OL 1968 i Grenoble tok Mir sølvmedaljen i utforrennet, Olga Pall vann gullet. Mir vart elles nummer fem i slalåm og seks i storslalåm. To år seinare, under VM i alpine greiner 1970 i Gherdëina enda Mir endå ein gong opp med eit utfor-sølv, slått av sveitsiske Annerösli Zryd med nøyaktig eit halvt sekund.

I 1972 vart Mir nummer fire i OL-utforen under vinterleikane 1972 i Sapporo, nesten eit heilt sekund bakom bronsevinnaren.

Etter 1973-sesongen la ho opp som aktiv alpinist.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar