Isach Coldevin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Isach Jørgen Coldevin (18771968) var den siste forvaltaren og eigaren av Dønnesgodset. Foreldra hans var Marie Danholm Wulff og godseigar og ordførar Hans Johan Emahus Tønder Coldevin.

Isach Coldevin hadde utdanning frå Danmark og frå Landbrukshøgskolen på Ås. Han dreiv Dønnesgarden frå 1904. Ut frå ein sosial og økonomisk motivasjon investerte han for å modernisere garden på alle område:

Skogplanting[endre | endre wikiteksten]

I dei lune skråningane langs Dønnesfjellet fekk han planta om lag 500 dekar med ulike slags bartre. For å skaffe plantar, starta han ein planteskole. I alt prøvde han minst 17 forskjellige bartreslag, blant dei gran, sembrafuru, lerk og forskjellige sortar edelgran.

I 1905 var han med å stifte Helgeland Skogselskap.

Sjå òg [1].

Husdyrbruk og meieri[endre | endre wikiteksten]

På slutten av 1800-talet var fiskerinæringa i prega av modernisering og framgang, medan jordbruket vart sett på som ei næring som gav små inntekter. Coldevin meinte at modernisering og spesialisering i jordbruket kunne gje denne næringa tilsvarande framgang.

Coldevin hadde opptil fem agronomar i arbeid som skulle hjelpe til med moderniseringa av husdyrbruket. Agronomane reiste rundt i distriktet og gav folk råd om fjøsstell og fôring. Han auka talet på storfe; for å få nok fôr, tok han i bruk kraftfôr og innkjøpt gjødsel. Grisane til Coldevin vart fora slik at dei fekk meir kjøt og mindre flesk. Han la om kosthaldet på garden, og serverte meir grønsaker. Men ikkje all denne moderniseringa vart godt motteken.

For å sleppa å fôre så mange hestar, kjøpte han inn ein traktor. 17. mai 1908 kom Noregs første traktor med forbrenningsmotor, ein Ivel, til Dønnes. Isach Coldevin var sjølv i England for å lære stell og køyring av traktoren.

Meieriet vart utvida, og mjølka vart henta med hest og vogn eller med ein motorkuttar som vart innkjøpt til formålet. Meieriet tok imot opptil 8000 liter mjølk for dagen.

Alle desse investeringane kravde store kapitalutlegg, men Coldevin hadde tru på at styresmaktene ville gje han økonomisk støtte når dei fekk sjå kva han fekk til. Men i staden vart drifta ramma av uhell og i 1911 enda drifta i konkurs. Dønnesgodset vart oppløyst og leiglendingane fekk kjøpe gardane dei dreiv. Hovudgarden på Dønnes vart selt til 20 husmenn, og Isach Coldevin sjølv utvandra til Sambandsstatane.

Isach Coldevin kom aldri attende til Noreg. I 1954 fekk han Nordland Landbruksselskaps gullmedalje, og Helgeland Skogselskap gjorde han til æresmedlem. Han døydde i Chicago i 1968.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jøsevold, M., Arven etter Isach, Helgeland Arbeiderblad, 3/9-2006.