Isak Rokne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Isak Rokne
Fødd1801
Død1877 (76 år)
Verka sommusikar

Isak Rokne (18011877) var ein framtredande norsk spelemann frå Voss. Han er rekna som ein av dei fremste læremeistrane til Ola Mosafinn.

Isak Rokne lærde mykje spel av Arnfinn Knutsson Skutle, som og var læremeistar for Hans Selland då denne kom og busette seg på Skutle seinare. Sjølv rekna Arnfinn Skutle seg som elev av storkulten Eirik Medås frå Hardanger. Isak Rokne var og i lære hjå Nils Rekve.

Ola Mosafinn sneik seg til slåttar frå Isak alt medan han var smågut, og la seg under golvtilet for å lye på medan Isak lærde opp ein annan spelemann. Mosafinn sette seinare stor pris på spelet etter Isak.

Isak for til Amerika alt i 1845 og døydde der. Mykje av spelet hans vart ført vidare av Hans Skutle og Ola Mosafinn. Arne Bjørndal reknar ellve slåttar som Rokne-slåttar i Hardingfeleverket, dei fleste skrive opp etter Mosafinn. Ein slått frå Nordhordland kan med visse og reknast som Rokne-spel.

«Det er sannsynleg at fleire gode Vossaslåttar gjekk tapt når Isak for, men som me skynar vart det ogso nokre att, og dei høyrer med mellom dei beste me har.» (Bjarne Ljones).

Rokneslåttar i Hardingfeleverket[endre | endre wikiteksten]

Mange av slåttane etter Isak Rokne er og mykje nytta i Hardanger.

  • Hamlagrøen, Norsk Folkemusikk 1. Dette skulle ha vore bryllaupsslåtten hans Isak. Namnet kjem seg frå ein spelemann som budde attmed Hamlagrøvatnet. Mosafinn lærde slåtten av Isak kring 1850.
  • Nøringen, Norsk folkemusikk 90a. Isak hadde slåtten frå Nils Rekve.
  • Tussebruri eller Røven. Mosafinn lærde slåtten av Isak då Ola var tolv år gamal i 1840.
  • Vossarull, Norsk folkemusikk 145a [1]. I Telemark er denne slåtten kjend som Lonarkjempun.
  • Halling, Norsk folkemusikk 148c [2]. I Telemark er denne slåtten kjend som Kvamshallingen. Slåtten er gamal i Hardanger.
  • Halling, Norsk folkemusikk 151a [3]. I Telemark er slåtten kjend som Sevliden.
  • Springar, Norsk folkemusikk 108 [4]. Minner noko om springaren Sundbreien frå Ål i Hallingdal. Mosafinn spela inn slåtten for voksrull i 1911, og Truls Ørpen retta noko på nedskrifta etter opptaket.
  • Sigridslåtten, Norsk folkemusikk 67. Rokne lærte bort slåtten til Johannes Fossmark, som var kjelde for Ola M. Havre frå Nordhordland. Spelast på Ljosblått felestille.
  • Springar, Norsk folkemusikk 130 (b IV) [5]. I Hardanger er denne slåtten godt kjend.
  • Springar, Norsk folkemusikk 135 (b IV) [6]. På felestillet g-d-a-d (ljosblått).
  • Springar, Norsk folkemusikk 389b. Variant a er etter Nils Brakvatn. Mosafinn spela inn denne slåtten på Voksrull i 1911, og Truls Ørpen skreiv han ned. Sven Nyhus skreiv seinare ned ein variant etter Anders S. Kjerland.
  • Roknen, Norsk folkemusikk 391b. Variant a er etter Lars Rognved. Dette er den største slåtten Ola Mosafinn lærde av Isak. Henrik Gjellesvik fekk slåtten av Ola Mosafinn.