Isallobar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Isallobarar er ei linje på eit vêrkart gjennom stader med lik endring i lufttrykket, òg kalla trykktendensen, i ein viss periode, som til dømes tre timar.

Isallobarmønsteret syner trykkendringane ein har like før observasjonen er gjort og er til god hjelp for å vurdere utviklinga og forflyttinga av trykksystem og frontar. Ein vil normalt sett ha trykkstiging bak eit lågtrykk, og trykkfall der lågtrykket er på veg. Dette gjev ein god indikasjon på kvar lågtrykket er på veg, og kom det forsterkar seg eller svekkast.

I samband med vêrvarsling for fleire dagar, kan ein ofte teikne isallobarar som syner trykktendensen i løpet av 12 eller 24 timar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«isallobar» i Store norske leksikon, snl.no.