Isbjørn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isbjørn
Isbjørn
Isbjørn
Utbreiing og status
Status i verda: VU Sårbar
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Utbreiinga av isbjørn
Utbreiinga av isbjørn
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Overfamilie: Ursoidea
Familie: Bjørnefamilien Ursidae
Underfamilie: Ursinae
Slekt: Ursus
Art: Isbjørn U. martimus
Vitskapleg namn
Ursus martimus

Isbjørn eller kvit(e)bjørn (Ursus maritimus eller Thalarctos maritimus) og er verdas største landlevande rovdyr. Dette iaugefallande kvite dyret har blitt eit symbol på is og snø i verdas nordområde, og er først og fremst å finne i Arktis.[2] Arten er oppført på norsk raudliste.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vaksne hanndyr veg normalt 400–600 kg, men kan i nokre tilfelle bli heile 800–1 000 kg tunge. Hodyr er berre halvparten så store som hanndyra (normalt 200–300 kg). Ein vaksen isbjørnhann er omtrent 240–260 cm lang (frå snutespiss til halespiss), mens hodyra blir omtrent 190–210 cm.

Isbjørnen har eit tjukt lag med spekk og tjukk pels med hole, varmeisolerande og vassavstøytande hår som dekkjer heile kroppen. Han kan lett motstå den ekstreme kulda som kan oppstå i desse områda. Pelsen ser kvit ut, men kan bli svakt gulbrun på grunn av oksidering om sommaren. Eigentleg har ikkje pelshåra pigment (dei er fargelause), men sidan huda er svart verker pelsen kvit.

Leveområde[endre | endre wikiteksten]

Isbjørn på isflak.
«Fare for isbjørn»-skilt på Svalbard.

Isbjørn trivst best ute på polarisen, der han jaktar på sel og anna polarvilt. Han følgjer gjerne med drivisen og kan såleis ende opp langt frå fastisen. Forskarar har registrert bjørnar som har tatt symjeturar på opp mot 160 km. På sommartid kan han trekkje inn mot land, og då spesielt mot kysten av Alaska, Grønland, Svalbard[2] og Russland.

Varme er eit problem for isbjørn, sidan desse dyra kan overopphetast om temperaturen stig over 10 grader Celsius. På sommartid held han seg derfor gjerne på isen. Isbjørnen er ein einsam jeger, sjølv om han treffer på artsfrendar rundt dei mange kadavera.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

I Noreg opptrer bjørnen både på Svalbard og i dei islagte havområda rundt. Verdas isbjørnbestand teller mellom 22 000 og 25 000 dyr, men dette talet er ganske usikkert. Etter den andre verdskrigen var isbjørnen i fare for å bli utrydda, men bestanden tok seg opp igjen kort etter. Det er strengt lovverk for vern av arten i dei landa der isbjørnar førekjem, og isbjørnjakt er kontrollert og sterkt redusert.[2]

Ernæring[endre | endre wikiteksten]

Etande isbjørn.

Isbjørnen si føde består hovudsakleg av sel, men han kan også ete noko planteføde, egg, sjøfugl, fisk og andre små pattedyr som t.d. polarrev. Han venter gjerne ved selen sitt pustehol og slår til i det selen kjem opp for å trekkje pusten. Med sin godt utvikla luktesans kan bjørnen lukte sel som ligg opptil 2 meter under snø og is. Ofte et han berre spekket og forlèt byttet. Spekket gjev verdifull energi, så det er det viktigaste.

Bjørnen et også åtsel. Eit kvalkadaver kan dermed verte ein stor møteplass for isbjørnar, som elles helst jaktar åleine. Han kan også ete avfall etter menneske, noko som gjer det potensielt farleg på plasser der isbjørn og menneske lever side om side.

Isbjørn er svært utsett for miljøgifter fordi dyret ligg på toppen av næringskjeda. Særleg utsett er dei for PCB som mellom anna forstyrrar hormonsystemet, gjev nedsett immunforsvar, reduserer formeringsevna, gjev nedsett levealder hos vaksne dyr og høgare barnedødelegheit. Dette kan gje ein redusert overlevingsevne eller ein rask nedgang i bestanden på grunn av sjukdomsutbrot.

Reproduksjon[endre | endre wikiteksten]

Isbjørnmor med ungar.

Paringstida er frå seint i mars til juni. Isbjørnen er drektig i 7–8 månader og føder som regel to ungar i kvart kull. Ein isbjørnunge veg normalt 600–700 gram når den blir fødd, og er både nakne, blinde og døve. Mora pleier ikkje å ta ungane med ut av hiet før i mars/april. I den første tida etter at dei har forlate hiet er kvalpane svært utsette, spesielt med tanke på eit møte med ein isbjørnhann. Den går ikkje av vegen for å drepe ungane.

Raudlistevurdering[endre | endre wikiteksten]

Artsdatabanken forventar at bestandsstorleiken i området vil minka på lang sikt på grunn av nedgangen i utbreiinga til isen. Det er tidlegare antatt at denne nedgangen kan bli over 30 % i løpet av dei kommande tre generasjonar utan at dette førebels kan bevisast. Den norske bestanden vil i tilfellet klassifiserast som VU på grunn av redusert forekomstareal og òg som VU basert på at den norske delen av Barentshavet bestanden består av mindre enn 1000 reproduserande individ.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av isbjørn Ursus maritimus for Svalbard. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 11. mars 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 11. mars 2022. Henta 11. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]