Isefjærfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Isefjærfjorden er ein fjord i Lillesand kommune. Fjorden er til tider særs smal og svingar seg 5 km innover i landet og har fleire mindre sidearmar. Han har innløp ved Bliksfjorden sør for Kvannes. Han går først 500 meter vestover før han snur rett nordover på vestsida av Kvannes og nord til den vesle Bruholmen. Her ligg Brusund, som berre er om lag 20 meter breitt. På nordsida av Bruholmen går Kjerkekilen 2 km austover og ut i Røynevardsfjorden. Kjerkekilen ligg på nordsida av Kvannes og like sør for tettstaden Høvåg. På det smalaste er Kjerkekilen berre 15 meter brei og her går det bru over til Kvannes.

Vest for Bruholmen ligg det 45 meter breie Naudesund der Riksveg 401 kryssar over. På andre sida av Naudesund deler Isefjærfjorden seg i tre. Øreslandskilen strekkjer seg 700 meter nordaustover, medan Årsneskilen går 1,3 km sørvestover. Årsneskilen er særs smal, på det smalaste om lag 7-8 meter og her kryssar Riksveg 401 igjen fjorden. Det har vore snakk om å byggje ein kanal frå botn av Årneskilen og gjennom eit 300 meter langt eid til botn av Kvåsefjorden. Dette vil forlenge Blindleia og skjerme båtfolket frå overfarten over den stundom vêrharde Kvåsefjorden.[1]

Hovuddelen av Isefjærfjorden held fram nordvestover. Her ligg to store holmar, Hestholmen og Kjøstveitholmen. Isefjærfjorden endar opp i Isefjær. Her ligg Sørlandets Naturistsenter.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kanal-kysten». Fedrelandsvennen. 12. desember 2004. Henta 24. februar 2008.