Isefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°52′36.732″N 5°44′25.282″E

Isefjorden sett frå ferjesambandet Stårheim-Isane
Hamnneset skil Eidsfjorden (til venstre) frå Isefjorden (til høgre)

Isefjorden er ein delfjord av Nordfjord i kommunane Eid og Bremanger i Sogn og Fjordane. Fjorden går 5,5 km søraustover frå innløpet til Eidsfjorden i nord til der Ålfoten går vestover.

Fjorden har innløp i nord mellom Hamneneset i nord og Iseneset ved Isane, som fjorden er kalla opp etter. Frå Isane går det ferje nordover til Stårheim på nordsida av Eidsfjorden. På austsida av fjorden ligg grenda Torheim. Fjorden endar i sør mellom Hjeltneset i vest og Krokeneset i aust. Sør for Krokeneset held Hundvikfjorden fram austover. Fylkesveg 662 går på austsida av fjorden, medan Riksveg 614 går på vestsida.