Iselin Alme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Iselin Alme
Fødd10. juli 1957 (66 år)
FødestadOslo
Verka somskodespelar, songar, dansar, musikkpedagog
MorBrett Borgen
FarGunnar Alme

Iselin Alme (fødd 10. juli 1957) er ein norsk songar, skodespelar og dansar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Alme er dotter av scenografen og målaren Gunnar Alme og forfattaren Brett Borgen. Ho er barnebarn av forfattaren Johan Borgen.

Alme byrja å dansa klassisk ballett fem år gammal. Ho tok fleire eksamenar i klassisk ballett og gjekk seinare over til moderne ballett og jazzballett. Songkarrieren starta då ho som tiåring vart teken opp i NRKs jentekor. Seinare gjekk ho over i Studiokoret, til saman tolv år under dirigenten Marie Foss. Alme har ein brei bakgrunn som songar og dansar frå Noreg og St. Olaf College i Northfield i Minnesota i USA. Ved St. Olaf College studerte ho mellom anna musikalteater, litteratur og kunsthistorie og song, og turnerte også med det anerkjende St. Olaf Choir. Ho hospiterte seinare ved Elevskolen ved Det Norske Teatret.

Alme studerte klassisk song i ei årrekkje under Lilly Berglund og Eva Tørklep Larsen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Alme har ein allsidig karriere som utøvande kunstnar; som skodespelar, musikalartist, songar (mezzosopran) og dansar.

Ho har gitt ut tre musikkalbum med norske folketonar og romansar, Våre vakreste melodier, Våre vakreste folketoner og Sanger om kjærlighet, alle på dB Records. I 1989 produserte ho sitt eige album, Musicals (GPI).

I mange år har ho vore songsolist med kor, korps og orkester som Kringkastingsorkestret, Stavanger Symfoniorkester, Bergen Filharmoniske Orkester, alle korpsa i Forsvaret med fleire. Ho har òg delteke i fleire turnear med Riksteatret og Rikskonsertane og har hatt solistoppgåver i radio og TV. Alme har medverka som korist for ei rekkje artistar. Blant anna var ho med Finn Kalvik då han framførte «Aldri i livet» i finalen i Melodi Grand Prix i Dublin i 1981.

På scena[endre | endre wikiteksten]

Alme byrja karrieren som revyskodespelar hos Dizzie Tunes og Dag Frøland. Etter det spelte ho rolla som Maria i musikalen West Side StoryDet Norske Teatret i 1982. Ho har utover det hatt sentrale roller blant anna i musikalar som Godspell, A Chorus Line, Cats, Oklahoma, Chess og Jesus Christ Suparstar. I 1987 spelte ho Oppsetninga til riksteateret av Ionescos Privattimen. Ho spelte i åra 1984-1989 rolla som Gudrun i Spelet om Heilag OlavStiklestad.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar

Deltek på[endre | endre wikiteksten]

Deltar på[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Iselin Alme