Iseosjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Iseosjøen
innsjø
none  Isola di Loreto
Isola di Loreto
Område Lombardi
tilsig Oglio
utløp Oglio
Høgd over havet 181 moh moh
Lengd 25 km km
Areal 65 3 km² km²
Øyar Monte Isola, Loreto, St. Paul
Byar Sjå liste
Wikimedia Commons: Lake Iseo

Iseosjøen (italiensk Lago d'Iseo eller Sebino) er den fjerde største innsjøen i Lombardi i Italia.

Han ligg nord i landet i Val Camonica-området, nær byane Brescia og Bergamo. Innsjøen er nesten likt delt mellom provinsane Bergamo og Brescia. Trass i at denne delen av landet er svært industrialisert er området rundt innsjøen svært vakkert. Vegen nordover til Sveits brukte å gå langs innsjøen og mange bilar har køyrt utfor og hamna i vatnet. Ein tryggare veg er no sprengt ut i fjellsida.

Midt i innsjøen ligg Monte Isola (eller Montisola), den største øya i alle innsjøar i Sør-Europa.

Busetnadar[endre | endre wikiteksten]

Det ligg fleire landsbyar rundt innsjøen

I Brescia:

  1. Iseo - som har gjeve namn til innsjøen. Med breie plassar og ein promenade ved innsjøen.
  2. Marone
  3. Sale Marasino

I Bergamo:

  1. Sarnico - opphavleg ein førhistorisk pålelandsby.
  2. Riva di Solto - ein vakker liten fiskelandsby.
  3. Lovere - ein gong ein festningsby.

På Montisola:

  1. Peschiera Maraglio - ein vakker fiskelandsby
  2. Siviano, Sensole og Carzano - fleire fiskelandsbyar
  3. Cure - på det høgaste punktet på øya ligg det ein heilagdom.

Dei to mindre øyane Loreto og St. Paul ligg òg i innsjøen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]