Isfjell B-15

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordsida av Isfjell B-15 29. januar 2001.
Isfjell B-15A etter fire års reise, mars 2006
Isfjell B-15A, januar 2005

Isfjell B-15 er det største registrerte isfjellet i verda. Det var kring 295 km langt og 37 km breitt med eit areal på 11 000 km² —større enn øya Jamaica. Massen vart estimert til å vere kring tre milliardar tonn. I 2009 hadde B-15 framleis ikkje smelta.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Isfjellet kalva frå Rossisen nær Roosevelt Island i mars 2000.[2][3] B-15 braut sundt i fleire stykke i 2000, 2002 og 2003. Den største, B-15A, dekte 6 400 km².[4] I november 2003 etter at B-15J braut av, dreiv B-15A bort frå frå Ross Island og ut i ope farvatn i Rosshavet.

I desember 2003 braut eit lite knivforma isfjell, B-15K (kring 300 km²), seg av frå B-15A og starta å drive nordover. I 2005 tok straumane B-15A sakte mot Drygalski istunge. Kollisjonen braut den ytste tuppen av Drygalskitunga av i midten av april. Isfjellet segla så langs kysten og ut av McMurdo Sound før det gjekk på grunn utanfor Cape Adare i Victoria Land og braut opp i fleire mindre bitar den 27.–28. oktober 2005. Det største stykket heldt namnet B-15A (no kring 1 700 km²), medan tre andre stykke fekk namna B-15P, B-15M og B-15N. Det flaut så lenger nord og braut opp i mindre stykke. Desse vart oppdaga frå lufta av fiskeripatruljar den 3. november 2006. Den 21. november 2006 vart fleire store stykke sett berre 60 km utanfor kysten av Timaru på New Zealand. Det største målte kring 1,8 km og låg 37 meter over havoverflata.

Effekt på økologien i Antarktis[endre | endre wikiteksten]

Den 10. april 2005 trefte B-15A Drygalski istunge, eit framhald av den rasktflytande Davidbreen som flyt gjennom fjella i Victoria Land. Eit 8 km² stort stykke av istunga braut sundt og gjorde at kartet over Antarktis måtte teiknast på nytt.

B-15A hindra havstraumar og vindar sommaren 2004-2005 frå å bryta opp havisen i McMurdo Sound og vart ei hindring for dei årlege forsyningsskipa til tre forskingsstasjonar i området. Isflaka var venta å føre til eit katastrofalt fall i adeliepingvinbestanden, sidan det vart mykje lenger veg for pingvinane å reise attende frå sjøen til kyllingane sine. Weddellselar og joar ved McMurdo Sound vart òg råka av desse isproblema.

Isfjell B-15 etter oppbrytinga, syner M, N og P, 31. oktober 2005, foto: DMSP.

I oktober 2006 merka MacAyeal et al. (2006)[5] seg at store uvêr i Alaskabukta skapte store dønningar som kryssa heile Stillehavet og som kan ha medverka til at B15-A braut opp i mange stykke den 27. oktober 2005. Dønningane flytta seg 13 500 km frå Alaska til Antarktis i løpet av seks dagar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Another candidate for «largest iceberg» dates from 1956
  2. [1], Tuesday mai 2000. The ATSR Project «Biggest iceberg tracked frå space". The ATSR Project Overview Henta 16 March 2009.
  3. Massive Iceberg Peels Off frå Antarctic ice shelf, press release, National Science Foundation, Office of Legislative and Public Affairs, March 22, 2000.
  4. [2] Arrigo, K.R., van Dijken, G. L. (2004) Annual changes in sea-ice, chlorophyll a, and primary production in the Ross Sea in Antarctica, Deep Sea Research Part II: Topical Studies in Oceanography, Vol. 51, Issues 1-3. Views of Ocean Processes frå Sea-viewing Wide Field-of-view Sensor (SeaWiFS) Mission: Vol. 1, januar–februar 2004, Pages 117-138, ISSN 0967-0645, doi:10.1016/j.dsr2.2003.04.003.
  5. MacAyeal, D., Okal, E., Aster, R., Basis, J., Brunt, K., Cathles, L. Mac. Drucker, R., Kim, Y-J., Martin, S., Okal, M., Sergienko, O., Sponsler, M., Thom, J. (2010). «Transoceanic wave propagation links ice berg calving margins in Antarctica with storms in tropics and northern hemisphere». Geop. Res. Lett., 33. L17502. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Isfjell B-15