Isfjorden IL

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Isfjorden Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i Isfjorden i Rauma kommune. Laget vart skipa 18. mars 1918 og er aktivt med i fotball, handball, nordiske greiner på ski, volleyball og på skeiser. Tidlegare har laget også hatt utøvarar i friidrett.

Laga til Isfjorden IL spelar i raude fargar. I 2019 deltok fotballaget på nivå 7 i seriesystemet. Kring 1990 gjesta fotballaget nivå 4.

Langrennaren Håvard Bjerkeli og friidrettsutøvaren Karoline Grøvdal var begge aktive i Isfjorden Idrettslag. I 1997 vann Isfjorden IL sølvmedaljen i 3 x 10 km stafett under noregsmeisterskapen med Bjerkeli og slektingane hans, Trond Einar og Bård Jørgen Elden på laget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]