Isflåmannen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Isflåmannen er eit naturfenomen i Årskogdalen, Nordre Vartdal, Ørsta kommune, Møre og Romsdal. 960 m.o h. Frå tid til annan kan det høyrest smell frå fjellet, samtidig som det blir skote vatn ut frå fjellveggen Isflåa i ein lang stråle. Fenomenet har usikker årsak, men opptrer tilsynelatande i samband med passasje av lågtrykk, og kan såleis henge saman med vekslande trykk på vassamlingar i holrom i fjellet.

Kjelde: Store norske leksikon, Geografi, Norges Geografi, Møre og Romsdal