Isgang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isgang førte til ein flaum som spreidde isblokker og vatn i Alaska i 2009.
Tettpakka is i Allagash River i Maine.

Isgang er is i elvar og innsjøar som bryt opp på grunn av auka vassføring og vert ført med vasstraumen nedover vassdraget. Ein har to typar, flaumisgang og vinterisgang.

Flaumisgang har ein om våren, vårisgang, som oppstår ved mildvêr eller regn når elva frå før er islagt med eit sterkt isdekke. Når vassføringa stig, bryt isdekket opp og isflak og issørpe ført med flaumen nedover elva. Isen kan stundom pakkast saman i høge vollar, så vatnet vert stuva opp høgt over vanleg vasstand. Ismassane kan då førast lang inn over breidda av elva.

Vinterisgang skjer i innlandsvassdrag der det er tilstrekkeleg fall til at islegginga skjer med sterk danning av sørpeis, botnis (òg kalla sarr), oppstuving av is og oppbygging av isdammar. Normalt sett vil slike isdammar raskt isleggast, og varmetilførsel frå botn, innstråling og varme frå fallenergien vil lause opp ismassane i eit samla løp, der elva skjer seg ned. Etter kvart kan ein oppdemt isdam lausne, særleg ved vêromslag, og om vassmassen då vert frigjort brått kan han bryte gjennom isdammar nedanfor, slik at flaumbølgja får så stort tilskot av vatn at han held fram nedover elva som ei vandrebølgje. Bølgja vil først stoppe opp når fallet blir for lite til å oppretthalde bølgja. I somme vassdrag får ein vinterisgang kvart år i november-desember.

Begge typar isgang kan gjere stor skade på elvebreiddene, bruer og andre byggverk. Nokre stader bruker ein eksplosiv til å bryta opp isdammar før det samlar seg opp så mykje vatn og is at det vil føra til ein kraftig flaum.

Vårisgang er vanleg i mange elvar på Austlandet, Trøndelag og Finnmark, og i Mellom- og Nord-Sverige. Andre stader som ofte får isgang er dei nordlege elvane i Sibir og Nord-Amerika.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«isgang – glasiologi» i Store norske leksikon, snl.no.