Ishockey-VM 1969

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Verdsmeisterskapen i ishockey 1969 vart arrangert i Stockholm i Sverige i tida frå 15. mars til 30. mars 196. Meisterskapen vart avvikla som ein seriemeisterskap der dei seks deltakarlanda møttest i doble innbyrdes oppgjer. Sovjetunionen vart verdsmeister på betre målskår enn Sverige på sølvplass og Tsjekkoslovakia på bronseplass. Alle tre mannskapa enda med 16 poeng. Meisterskapen vert hugsa for dei intense oppgjera mellom Tsjekkoslovakia og Sovjetunionen, to kampar som begge enn med siger til Tsjekkoslovakia. Oppgjera hadde ein politisk overtone ein ikkje hadde sett maken til i ishockey .

Verdsmeisterskapen var opphavleg tildelt Tsjekkoslovakia. Politisk uro etter Sovjetunionen hærtok landet i august 1968 førte til at turneringa vart flytta til Sverige.

Tabell[endre | endre wikiteksten]

Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
1 Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 10 8 0 2 59 - 23 16
2 Flag of Sweden.svg Sverige 10 8 0 2 45 - 19 16
3 Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkoslovakia 10 8 0 2 40 - 20 16
4 Flag of Canada.svg Canada 10 4 0 6 26 - 31 8
5 Flag of Finland.svg Finland 10 2 0 8 26 - 52 4
6 Flag of the United States.svg USA 10 0 0 10 23 - 74 0

Sovjetunionens meisterlag[endre | endre wikiteksten]

Målvakter: Viktor Putsjkov, Viktor Singer
Forsvarar: Aleksandr Ragulin, Viktor Kuzkin, Vitalij Davidov, Igor Romisjevskij, Vladimir Lutsjenko, Jevgenij Paladjev
Løparar: Vjatsjeslav Starsjinov, Anatolij Firsov, Valerij Kharlamov, Aleksandr Maltsev, Vladimir V. Petrov, Jevgenij Zimin, Vladimir Vikulov, Boris Mikhajlov, Aleksandr Jakusjev, Vladimir Jursinov, Jevgenij Misjakov.