Ishockey-VM 1979

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Verdsmeisterskapen i ishockey 1979 vart arrangert i Moskva i Sovjetunionen i tida frå 14. til 27. april 1979. Meisterskapen vart avvikla med gruppespel à fire lag i dei to gruppene, deretter gjekk dei to beste laga i gruppene vidare til eit meisterspel der alle laga møttest i to kampar før medaljestriden var avgjort. Laga som ikkje tok seg til meisterspelet, møttest like eins i to innbyrdes kampar i striden om å unngå nedrykk til B-pulja.

Arrangørlandet Sovjetunionen vart verdsmeister etter å ha vunne alle seks kampane i sluttspelet. Tsjekkoslovakia tok sølv og Sverige kneip bronsen.

Meisterspelet[endre | endre wikiteksten]

Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
1 Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 6 6 0 0 51 - 12 12
2 Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkoslovakia 6 3 1 2 21 - 30 7
3 Flag of Sweden.svg Sverige 6 1 1 4 20 - 38 3
4 Flag of Canada.svg Canada 6 1 0 5 20 - 36 2

Nedrykksspelet[endre | endre wikiteksten]

Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
5 Flag of Finland.svg Finland 6 4 1 1 23 - 17 9
6 Flag of Germany.svg Vest-Tyskland 6 3 1 2 27 - 21 7
7 Flag of the United States.svg USA 6 2 2 2 22 - 20 6
8 Flag of Poland.svg Polen 6 0 2 4 15 - 29 2

Sovjetunionens meisterlag[endre | endre wikiteksten]

Målvakter: Vladislav Tretjak, Vladimir Mysjkin
Forsvarar: Valerij Vasiljev, Vladimir Lutsjenko, Gennadij Tsygankov, Vasilij Pervukhin, Sinetula Biljaletdinov, Sergej Babinov, Irek Gimajev, Sergej Starikov
Løparar: Boris Mikhajlov, Valerij Kharlamov, Vladimir V. Petrov, Aleksandr Golikov, Vladimir Golikov, Jurij Lebedev, Viktor Zjlutkov, Sergej Kapustin, Helmuts Balderis, Sergej M. Makarov, Aleksandr V. Skvortsov, Aleksandr Jakusjev .

Kjelder[endre | endre wikiteksten]