Ishockey-VM 1989

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen i ishockey 1989 vart arrangert i Stockholm og Södertälje i Sverige i tida frå 15. april til 1. mai 1989. Meisterskapen vart avvikla med innleiingsrunde der dei åtte deltakarlanda møttest til innbyrdes oppgjer. Dei fire beste laga i innleiingsrunda gjekk vidare til eit meisterspel der laga møttest på ny før medaljestriden var avgjort, alle laga starta då utan poeng. Dei fire laga med færrast poeng i innleiingsrunda tok med derimot med seg alle poenga frå innleiingsrunda inn i eit nedrykksspel.

Sovjetunionen vann alle ti kampane laget spelte og tok heim VM-pokalen. Canada fekk sølv og Tsjekkoslovakia bronse.

Innleiingsrunda[endre | endre wikiteksten]

Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
1 Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 7 7 0 0 36 - 12 14
2 Flag of Sweden.svg Sverige 7 4 2 1 29 - 20 10
3 Flag of Canada (Pantone).svg Canada 7 5 0 2 45 - 18 10
4 Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkoslovakia 7 3 2 2 33 - 15 8
5 Flag of Finland.svg Finland 7 2 1 4 22 - 25 5
6 Flag of the United States.svg USA 7 2 1 4 20 - 29 5
7 Flag of Poland.svg Polen 7 1 0 6 10 - 59 2
8 Flag of Germany.svg Vest-Tyskland 7 0 2 5 17 - 34 2

Meisterspelet[endre | endre wikiteksten]

Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
1 Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 3 3 0 0 11 - 6 6
2 Flag of Canada (Pantone).svg Canada 3 2 0 1 12 - 11 4
3 Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkoslovakia 3 1 0 2 5 - 6 2
4 Flag of Sweden.svg Sverige 3 0 0 3 5 - 12 0

Sovjetunionens meisterlag[endre | endre wikiteksten]

Målvakter: Sergej Mylnikov, Artūrs Irbe, Valdimir Mysjkin
Forsvarar: Vjatsjeslav Fetisov, Aleksej Kasatonov, Valerij Sjirjajev, Ilja Bjakin, Aleksej Gusarov, Svjatoslav Khalisov, Vladimir Konstantinov
Løparar: Vladimir Krutov, Igor Larionov, Sergej M. Makarov, Vjatsjeslav Bykov, Dmitrij Kvartalnov, Aleksandr Mogilnij, Andrej Khomutov, Sergej Fjodorov, Sergej Jasjin, Jurij Khmyljov, Valerij Kamenskij, Sergej Nemtsjinov, Aleksandr Tsjornykh .

Nedrykkingsspelet[endre | endre wikiteksten]

Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
5 Flag of Finland.svg Finland 10 5 1 4 35 - 27 11
6 Flag of the United States.svg USA 10 4 1 5 37 - 40 9
7 Flag of Germany.svg Vest-Tyskland 10 1 2 7 22 - 41 4
8 Flag of Poland.svg Polen 10 1 0 9 12 - 76 2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]