Ishockey-VM 1998

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Deltakarlanda, markert i grønt, i meisterskapen

Verdsmeisterskapen i ishockey 1998 vart arrangert i Basel og Zürich i Sveits i tida frå 1. til 17. mai 1998. Sverige vart verdsmeister, Finland tok sølv og Tsjekkia bronse.

Heile 16 deltakarland var med i meisterskapen, som opna med gruppespel i fire grupper à fire lag. Dei to beste laga i kvar av gruppene gjekk vidare til eit mellomspel med to grupper à fire lag. Nummer 1 og 2 i mellomspelgruppene møttest til semifinalekampar, laga best etter to oppgjer gjekk til finalespel. Finalespelet vart avvikla med to kampar mellom semifinalevinnarane.

Finalekampane[endre | endre wikiteksten]

Sverige vann den fyrste kampen mot finalemotstandar Finland i Hallenstadion i Zürich med 1-0. Skåringa av Johan Tornberg avgjorde finalespelet etter 50.07 minutts speletid, ettersom det andre finaleoppgjeret enda mållaust. 10 300 tilskodarar såg Sverige verte verdsmeister i ishockey for sjuande gong.

Sverige sitt meistermannskap[endre | endre wikiteksten]

Målvakter: Tommy Salo, Johan Hedberg, Magnus Eriksson
Forsvarar: Kim Johnsson, Mattias Öhlund, Hans Jonsson, Niclas Hävelid, Christer Olsson, Johan Tornberg, Jan Mertzig
Løparar: Anders Huusko, Fredrik Modin, Mikael Renberg, Mats Sundin, Peter Forsberg, Niklas Sundström, Nichlas Falk, Jonas Bergqvist, Ulf Dahlén, Jörgen Jönsson, Patric Kjellberg, Tommy Westlund, Peter Nordström

Tsjekkia sikra seg bronsemedaljane etter siger 4-0 over arrangørlandet Sveits.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]