Ishockey under Vinter-OL 1968

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Austtysk frimerke frå 1968

Ishockey under Vinter-OL 1968 vart arvikla i tida frå 4. til 17. februar 1968 i Grenoble. Kampane vart avvikla på Palais des Sports, eit stadion med plass til 12 000 tilskodarar. Sovjetunionen tok gull, Tsjekkoslovakia sølv og Canada bronse.

Turneringa[endre | endre wikiteksten]

14 land deltok i ishockeyturneringa. Fem av dei var på førehand klar for gruppespelet om medaljane, tre av seks andre land kvalifiserte seg til dette meisterspelet gjennom ein utslagskamp. Taparane av dei tre utslagskampane og dei tre siste deltakarlanda møttest så i eit gruppespel som avgjorde plasseringane 9-14. Noreg tapte sin utslagskamp mot Aust-Tyskland og enda etter plasseringskampane på 11. plassen.

Meisterspelet[endre | endre wikiteksten]

Kampen Sverige-USA fann stad 7. februar
Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
1 Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 7 6 0 1 48 - 10 12
2 Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkoslovakia 7 5 1 1 33 - 17 11
3 Flag of Canada.svg Canada 7 5 0 2 28 - 15 10
4 Flag of Sweden.svg Sverige 7 4 1 2 23 - 18 9
5 Flag of Finland.svg Finland 7 3 1 3 17 - 23 7
6 Flag of the United States.svg USA 7 2 1 4 21 - 28 5
7 Flag of Germany.svg Vest-Tyskland 7 1 0 6 13 - 39 2
8 Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 7 0 0 7 13 - 48 01

Sovjetunionen sitt meistermannskap[endre | endre wikiteksten]

Målvakter: Viktor Konovalenko, Viktor Singer
Forsvarar: Aleksandr Ragulin, Viktor Kuzkin, Vitalij Davidov, Igor Romisjevskij, Viktor Blinov, Oleg Zajtsev
Løparar: Vjatsjeslav Starsjinov, Anatolij Firsov, Venjamin Aleksandrov, Jurij Moisejev, Viktor Polupanov, Jevgenij Zimin, Vladimir Vikulov, Boris Majorov, Anatolij Jonov, Jevgenij Misjakov.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]