Ishockey under Vinter-OL 1972

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sovjetisk frimerke frå 1972

Ishockey under Vinter-OL 1972 vart arrangert i tida frå 3. til 12. februar 1972 i Sapporo. Kampane vart avvikla på to ulike arenaer i OL-byen, Makomanai hallstadion og Tsukisamu idrettshall. Sovjetunionen tok gull, USA sølv og Tsjekkoslovakia bronse.

Turneringa[endre | endre wikiteksten]

11 land deltok i turneringa: dei seks som var med Ishockey-VM 1971 og dei fem beste i B-VM i ishockey same året. Turneringa tok til med ei cuprunde, regjerande OL-meister Sovjetunionen fekk «fripass». Vinnarane av dei fem cupkampane og Sovjetunionen møttest så til seriespel. Medaljane vart fordelt etter poenghaust og innbyrdes målskilnad.

Taparane av dei innleiande cupkampane deltok i seriespel om plassane 7-11. Noreg sigra i tre av fire oppgjer og enda på åttandeplassen i turneringa.

Finalerunda[endre | endre wikiteksten]

Olympisk bronsemedalje i ishockey frå 1972
Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
1  Sovjetunionen 5 4 1 0 33 - 13 9
2  USA 5 3 0 2 18 -15 6
3  Tsjekkoslovakia 5 3 0 2 26 - 13 6
4  Sverige 5 2 1 2 17 - 13 5
5  Finland 5 2 0 3 14 – 24 4
6  Polen 5 0 0 5 9 - 39 0

Sovjetunionen sitt meistermannskap[endre | endre wikiteksten]

Målvakter: Vladislav Tretjak, Aleksandr Pasjkov
Forsvarar: Aleksandr Ragulin, Vitalij Davidov, Igor Romisjevskij, Valerij Vasiljev, Vladimir Lutsjenko, Gennadij Tsygankov, Viktor Kuzkin
Løparar: Anatolij Firsov, Boris Mikhajlov, Valerij Kharlamov, Aleksandr Maltsev, Vladimir V. Petrov, Vladimir Vikulov, Jevgenij Misjakov, Aleksandr Jakusjev, Vladimir Sjadrin, Jevgenij Zimin, Jurij Blinov.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]