Ishockey under Vinter-OL 1988

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ishockey under Vinter-OL 1988 vart arrangert i tida frå 13. til 28. februar 1988 i Calgary. Kampane vart avvikla på tre ulike arenaer i OL-byen, finalerunda i sin heilskap på Olympic Saddledome med plass til 19 200 tilskodarar. Sovjetsamveldet vann gullmedaljane framom Finland og med Sverige på tredjeplass.

Turneringa[endre | endre wikiteksten]

12 land deltok i turneringa, som tok til med ei opningsrunde med seks lag likt fordelt på to grupper. Dei tre beste laga i kvar av gruppene gjekk vidare til ei finalerunde. Dei andre seks laga gjekk direkte til plasseringskampar. Noreg, som enda sist med eitt poeng i Gruppe B, spelte uavgjort mot Frankrike, men tapte i straffeslagstevling og vart vist til tolvte- og sisteplass.

Finalerunda[endre | endre wikiteksten]

Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
1 Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 5 4 0 1 25 - 7 8
2 Flag of Finland.svg Finland 5 3 1 1 18 - 10 7
3 Flag of Sweden.svg Sverige 5 2 2 1 15 - 16 6
4 Flag of Canada (Pantone).svg Canada 5 2 1 2 17 - 14 5
5 Flag of Germany.svg Vest-Tyskland 5 1 0 4 8 - 24 2
6 Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkoslovakia 5 1 0 4 12 - 22 2

Sovjetsamveldet sitt meistermannskap[endre | endre wikiteksten]

Målvakter: Sergej Mylnikov, Vitālijs Samoilovs
Forsvarar: Vjatsjeslav Fetisov, Aleksej Kasatonov, Igor Stelnov, Ilja Bjakin, Aleksej Gusarov, Sergej Starikov, Igor Kravtsjuk
Løparar: Vladimir Krutov, Igor Larionov, Sergej M. Makarov, Vjatsjeslav Bykov, Andrej Lomakin, Aleksandr Mogilnij, Andrej Khomutov, Anatolij Semjonov, Aleksandr Kosjevnikov, Sergej Jasjin, Valerij Kamenskij, Sergej Svetlov, Aleksandr Tsjornykh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]