Ishockey under Vinter-OL 1992

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ishockey under Vinter-OL 1992 vart arrangert i ein ishall i turistsenteret Méribel i Les Allues kommune i tida frå 8. til 23. februar 1992. Eit mannskap frå det nyleg oppløyste Sovjetsamveldet vann gullmedaljane under den vage nemninga «Samveldet av uavhengige statar». Det eks-sovjetiske laget vann med 3-1 over Canada i finalen. Tsjekkoslovakia tok bronseplassen etter 6-1 over USA.

Turneringa[endre | endre wikiteksten]

12 land deltok i turneringa, som tok til med ei opningsrunde med seks lag likt fordelt på to grupper. Dei fire beste laga i kvar av gruppene gjekk vidare til utslagsspel, der laga fekk kvartfinalemotstandar basert på plassering i gruppene.

Kvartfinalane[endre | endre wikiteksten]

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

  • Canada – Tsjekkoslovakia 4-2
  • «Sovjetsamveldet» – USA 5-2

Finalen[endre | endre wikiteksten]

  • «Sovjetsamveldet» – Canada 3-1

Etter to mållause periodar skåra Vjatsjeslav Butsajev for det sovjetiske laget tidleg i den tredje perioden, klokka viste 41.01. Eit knapt kvarter skulle gå før lagkameraten Igor Boldin la på til 2-0 etter 55.54 minutts spel. Deretter reduserte Chris Lindberg til 1-2 ved 57.20, og så var Vjatsjeslav Bykov frampå etter 58.51 minutts tid og fastsette resultatet til 3-1.

6 100 tilskodarar var på plass i ishallen i Méribel, fullt hus.

«Sovjetsamveldet» sitt meistermannskap[endre | endre wikiteksten]

Målvakter: Nikolaj Khabibulin, Mikhail Sjtalenkov, Andrej Trefilov
Forsvarar: Sergej Bautin, Dmitrij Jusjkevitsj, Vladimir Malakhov, Dmitrij Mironov, Darius Kasparaitis, Igor Kravtsjuk, Oleksij Zjytnyk, Sergej Zubov
Løparar: Igor Boldin, Nikolaj Borstsjevskij, Vjatsjeslav Butsajev, Vjatsjeslav Bykov, Andrej Khomutov, Jevgenij Davydov, Jurij Khmyljov, Andrej Kovalenko, Aleksej Kovaljov, Sergej Petrenko, Vitalij Prokhorov, Aleksej Zjamnov

Kjelder[endre | endre wikiteksten]