Hopp til innhald

Ishockey under vinter-OL 1984

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ishockey under vinter-OL 1984
Konkurranseishockey
LeikarVinter-OL 1984
StadZetra
Dato7. februar 1984–19. februar 1984
FøreIshockey under Vinter-OL 1980
NesteIshockey under Vinter-OL 1988

Ishockey under vinter-OL 1984 vart arrangert i tida frå 7. til 19. februar 1984 i Sarajevo. Kampane vart avvikla på to ulike arenaer i OL-byen, finalerunden i sin heilskap på Olimpijska dvorana Zetra med plass til 12 000 tilskodarar. Sovjetsamveldet tok gull, Tsjekkoslovakia sølv og Sverige bronse.

Turneringa

[endre | endre wikiteksten]

12 land deltok i turneringa, som tok til med ein opningsrunde med seks lag likt fordelt på to grupper. Dei to beste laga i kvar av gruppene gjekk vidare til ein finalerunde. Nummer tre og fire i gruppene gjekk direkte til respektive plasseringskampar. Noreg enda sist i Gruppe B med eitt poeng, etter uavgjort mot Finland.

Finalerunda

[endre | endre wikiteksten]
Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
1  Sovjetunionen330016 - 16
2  Tsjekkoslovakia32016 - 24
3  Sverige31023 - 122
4  Canada30030 - 100

Sovjetunionen sitt meistermannskap

[endre | endre wikiteksten]

Målvakter: Vladislav Tretjak, Vladimir Mysjkin
Forsvarar: Vjatsjeslav Fetisov, Aleksej Kasatonov, Vasilij Pervukhin, Zinetula Biljaletdinov, Igor Stelnov, Sergej Starikov
Løparar: Vladimir Krutov, Igor Larionov, Sergej M. Makarov, Sergej Sjepelev, Nikolaj Drozdetskij, Mikhail Vasiljev, Aleksandr Gerasimov, Vladimir Kovin, Andrej Khomutov, Aleksandr Kosjevnikov, Viktor Tjumenev, Aleksandr V. Skvortsov.