Iskar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Iskar
elv
none  Iskar ved German i provinsen Sofia
Iskar ved German i provinsen Sofia
Land Flag of Bulgaria.svg Bulgaria
Kjelde Ved fjelltoppen Damga i Rila i Bulgaria.
 - høgd 2 500 moh
Munning Donau, nord for Gigen i provinsen Pleven
Lengd 368 km
Nedslagsfelt 8 646 km²
Wikimedia Commons: Iskar River

Ìskar (bulgarsk Искър; latinsk Oescus) er den lengste elva som berre renn innanfor Bulgaria, og er ei av sideelvane til Donau. Ho har ei lengd på 368 km.

Iskar oppstår frå tre elvar, Tsjerni Iskar (Svarte Iskar), Beli Iskar (Kvite Iskar) og Levi Iskar (som i lag går under namnet Iskrove). Kjelda til Iskar vert rekna som Prav Iskar, ei av sideelvane til Tsjerni Iskar. Etter ho har kome ned frå den nordlege sida av Rila renn ho ut i Iskar-reservoaret, det største i Bulgaria. Elva renn nær Sofia, og passerer gjennom eit juv i Balkanfjella. Ho munnar så ut i Donau nær landsbyen Gigen i provinsen Pleven. Iskar er den einaste elva med utspring sør i Bulgaria som renn gjennom Balkanfjella og ut i Donau.

Iskar-juvet i Balkanfjella

Iskar renn gjennom sju provinsar i Bulgaria: Hovudstaden Sofia, provinsen Sofia, provinsen Pernik, provinsen Vratsa, provinsen Pleven og provinsen Lovetsj. Elva er hovudvasskjelda for Sofia.

Geologisk sett er Iskar den eldste elva på Balkan, og den einaste elva som har halde på den opphavlege retninga si, trass i fleire geologiske endringar i området.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]