Hopp til innhald

İskenderun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Iskenderun)
İskenderun
by
Land  Tyrkia
Region Middelhavsregionen
Provins Hatay
Høgd moh.
Koordinatar 36°34′54″N 36°09′54″E / 36.5817°N 36.1650°E / 36.5817; 36.1650
Areal 247 km²
Folketal 201 183
Borgarmeister Yusuf Civelek
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 31
Retningsnummer (0)326
Bilnummer 31
Kart
İskenderun
36°35′14″N 36°10′24″E / 36.587222222222°N 36.173333333333°E / 36.587222222222; 36.173333333333
Kart som viser İskenderun.
Kart som viser İskenderun.
Kart som viser İskenderun.
Wikimedia Commons: İskenderun
Nettstad: http://www.iskenderun.bel.tr

İskenderun (arabisk الإسكندرون) er ein by og eit bydistrikt i provinsen Hatay ved kysten av Middelhavet i Tyrkia. Han vart kalla Alexandretta fram til han vart ein del av Tyrkia den 29. november 1937.[1]

İskenderun ligg heilt aust ved kysten Middelhavet ved İskenderunbukta, ved foten av Nurfjella.

İskenderun er eit travelt handelssenter og ein av dei største byane i provinsen, omtrent like stor som provinshovudstaden Antakya. Byen er ein av dei største hamnebyane i Tyrkia ved Middelhavet og eit viktig industrisenter med İsdemir stålver, eit av dei største i Tyrkia. İskenderun er òg ein feriestad med mange hotell, restaurantar og kafear.

Byen ble grunnlagt av Aleksander den store i 333 fvt., og var tidlegare kjend i vesten under det opphavlege namnet Alexandretta (gresk Ἀλεξανδρέττα, 'Alexandrétta, på arabisk al-ʼIskandarūn med fleire varierande stavemåtar). Som følgje av Moskvatraktaten i 1921 vart byen og provinsen avstått til Syria, men provinsen lausreiv seg og slo seg saman med Tyrkia igjen kort tid etter. Syria ønsker framleis provinsen og byen tilbake, noko som har ført til at dei aldri har anerkjend grensene mot Tyrkia.

Dörtyol rett nord for byen er endepunkt for oljerøyrleidninga frå Irak.

Klima langs denne delen av Middelhavet er varmt og fuktig om sommaren, då fokl kjem frå landsbygda for å gå på stranda. Til somme tider av året sveiper den kraftige vinden kalla 'Yarıkkaya' over byen. Vintrane er milde og våte.

Vêrdata for İskenderun
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 24 26,4 31,7 36 40 37,6 37,2 38,8 40 37,4 31,2 26,5 40
Gjennomsnittleg maks °C 15,4 16,1 18,7 22,3 25,5 28,5 30,7 31,5 30,3 27,1 21,7 17,1 23,7
Gjennomsnittleg min °C 8,6 9 11,3 14,7 18,4 22 25 25,7 23,3 18,9 13,8 10,2 16,7
Lågast målte °C −0,8 −0,3 0,4 5,1 11,2 14,8 18,6 18,6 15,4 2,5 2,4 0,8 −0,8
Gjennomsnittleg nedbør mm 81,7 85,6 85,9 63,8 47 35,4 12,1 18,9 39,4 79,8 88,8 89,4 727,8
Gns. luftfukt (%) 61 63 66 69 72 74 74 72 67 65 63 63 67
Gns. solskinstimar i månaden 130,2 142,8 189,1 216 279 309 294,5 288,3 264 232,5 168 124 2 637,4
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü[2]Weatherbase[3]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]