Isla Guadalupe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isla Guadalupe
øy
Land  Mexico
Areal 244 km²
Folketal 213 (2010)
Kart
Isla Guadalupe
29°02′43″N 118°16′39″W / 29.04521°N 118.27754°W / 29.04521; -118.27754
Wikimedia Commons: Guadalupe Island

Isla Guadalupe er ei meksikansk øy i Stillehavet. Ho ligg ca. 260 km vest for Californiahalvøya. Øya har vulkansk opphav og ligg på eit varmepunkt utanfor kontinentalsokkelen. Arealet er 250 km³, og det høgaste punktet nesten 1300 moh. Administrativt høyrer øya til kommunen Ensenada i delstaten Baja California.

Øya hadde tidlegare eit rikt planteliv som viste slektskap nordover mot California. Nesten 16 % av planteartene er endemiske, av desse to monotypiske slekter. Innførte geiter åt vegetasjonen sna og har ført til utrydding av minst 26 planteartar. Geitene blei fjerna i perioden 2003 til 2007, og skog med guadalupesypress held no på å reetablera seg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

29°01′51″N 118°16′48″W / 29.03083°N 118.28000°W / 29.03083; -118.28000