Hopp til innhald

Isla de Cabrera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isla de Cabrera
øy
Land  Spania
Provins Balearane
Stad Middelhavet
Høgd 172 m
Areal 1,569 ha km²
Folketal 0 (1991)[1]
Kart
Isla de Cabrera
39°08′31″N 2°56′45″E / 39.141944°N 2.945833°E / 39.141944; 2.945833
Kart som viser Isla de Cabrera.
Kart som viser Isla de Cabrera.
Kart som viser Isla de Cabrera.
Wikimedia Commons: Cabrera, Balearic Islands

Cabrera (latin Capraia) er ei av dei minste øyane i Balearane i Spania, like sør for Mallorca i Middelhavet.

Ho er den største øya i ei lita øygruppe som frå sør til nord er Estells de Fora, L'Imperial, Cabrera itself, Illa de ses Bledes, Na Redona, Conillera, L'Esponja, Na Plana, Illot Pla, Na Pobra og Na Foradada.

Cabrera vart nytta som fangeøy for franske fangar under napoleonskrigane. Av dei 9000 fangane som vart sende her, overlevde berre 3600.

Seint i 1916 vart øya ekspropriert av den spanske marinen og ho vart verande ei militærsone fram til 1980-åra. Enkelte sivile frå Mallorca fekk likevel leige delar av øya frå 1920-åra til jordbruk.

I 1936, under den spanske borgarkrigen, fall eit republikansk fly ned på øya. Mannskapet vart tekne til fangar, men to republikanske ubåtar kom til unnsetning og militærsjefen på Carbera og tre sivile fangar vart tekne til Minorca og avretta. Under den andre verdskrigen i 1944, styrta eit tysk fly like ved øya.

Heile øygruppa er ein nasjonalpark, Parque Nacional del Archipiélago de Cabrera. Cabrera er ein populær båtdestinasjon, med mange naturlege hamner. Fleire stader av øya har derimot avgrens tilkomst på grunn av nasjonaplarken.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «La isla española desconocida sin habitantes, con un castillo y playas de aguas cristalinas». «Fue declarado Parque Nacional Marítimo Terrestre en 1991 y desde entonces no tiene ningún habitante.» 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]