Islamsk Råd Norge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Islamsk Råd Norge
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer982842840
Skipa22. oktober 1993
HovudkontorOslo
Medlemmer35 organisasjon
Nettstadhttps://irn.no Sjå dette på Wikidata

Islamsk Råd Norge (IRN) er ein paraplyorganisasjon for muslimske organisasjonar i Noreg. Rådet vart oppretta 22. oktober 1993.

Opprettinga[endre | endre wikiteksten]

Utviklinga av muslimske trussamfunn i Noreg hadde i 1980-åra gått i retning av fragmentering, då fleire nye moskéar vart oppretta for nye muslimske grupperingar, utan at det fanst nokon samlande organisasjon som kunne representera muslimane overfor det norske samfunnet. Det som utløyste eit nærmare samarbeid mellom menigheitene var ein invitasjon frå Mellomkirkelig Råd. Rådet ville gjerne etablera permanent kontakt mellom kristne og muslimske organisasjonar. Frå muslimsk side vart forslaget godt mottatt, men det fanst på den tida ingen enkeltorganisasjon som kunne representera muslimane i eit slikt forum. Den største moskéen, Central Jama'at-e Ahl-e sunnat, tok initiativet og starta prosessen som førte til stiftinga av Islamsk Råd Norge 22. oktober 1993, frå starten med fem moskéar som medlemmer. Kort tid etterpå vart Kontaktgruppa for Mellomkirkelig Råd for Den norske kirke og Islamsk Råd Norge oppretta. Sidan 1996 har IRN òg vore med i Samarbeidsrådet for Tros- og Livssynssamfunn, som omfattar alle dei store religionane i Noreg.

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

I mars 2006 hadde IRN 20 medlemsorganisasjonar, inkludert ein paraplyorganisasjon for Rogaland som i sin tur omfatta sju moskéar. I 1999 rekna ein med at om lag halvparten av muslimane i Noreg var med i moskéar som var med i IRN. Albanske, bosniske, pakistanske barelwi og deobandi, arabiske, tyrkiske, somaliske og gambiske moskéar er med i IRN. Desse er medlemmer:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]